Stillinger

Forsikringsansvarleg

SpareBank 1 Søre Sunnmøre
Søknadsfrist: 05.02.2023
Tiltredelse: Etter avtale
Varighet: Fast

Vi ser etter ein person som skal leie teamet vårt av forsikringsrådgjevarar på personmarknadsområdet. Vi er i dag fire svært dyktige og ambisiøse rådgjevarar som bidreg til god lønnsemd og kundetilfredsheit. Som leiar for forsikringsteamet vil du vere delaktig i å vidareutvikle teamet og ansvarleg for både vedlikehald og vekst i kundeporteføljen. Andre viktige oppgåver vil vere å sjå til at vi opprettheld dei krav og forventingar både bransje og myndigheiter set til fagområdet. Du vil også ha operative oppgåver og bidra til kundevekst med ansvar for eiga kundeportefølje.

Vi søkjer deg som er ambisiøs og entusiastisk og som vil utvikle deg innanfor leiing. Rolla krev relevante autorisasjonar, og gjennom eit tilpassa læringsløp vil vi sikre at du får ein god start som fagansvarleg. Du må ha gode sals- og kommunikasjonsevner og rådgjeving i teamet går via telefon, videomøter og fysiske møter i banken. Du vert ein viktig bidragsytar til banken sin vidare vekst og utvikling. Vi skal lykkast saman!

Vi ser etter deg som har:

  • relevant erfaring og/eller utdanning på minst bachelornivå
  • proaktiv og initiativrik med høgt kundefokus
  • har smittande entusiasme og er ein god støttespelar med gode samarbeidseigenskapar
  • kjent i lokalmarknaden og evne til å utnytte relevant nettverk
  • evne til å knyte forsikring til meirsalg i bank

Vi tilbyr gode vilkår i eit positivt og entusiastisk arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som støttar og heiar på kvarandre

Lønn etter avtale og gode pensjons-, forsikrings- og andre tilsettingsvilkår.

Søk her

Søknadsfrist: 5.2.2023

For nærmare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Banksjef PM, Andre Skotheim.

Arbeidsgiver
SpareBank 1 Søre Sunnmøre
Kontaktpersoner

Andre Skotheim

Banksjef personmarknad