Stillinger

IT-konsulent

Tussa IKT AS
Søknadsfrist: 14.08.2022
Tiltredelse: Etter avtale
Varighet: Fast

Er du den nye IT-konsulenten vår?

Ein av konsulentane våre går over i ny stilling i selskapet og vi søkjer etter ein som kan utføre oppsett, installasjon og support av klientutstyr for bedriftskundane våre.

Vi ser etter deg som er løysingsorientert, utadvendt og kundeorientert. Du må vere opptatt av å yte god kundeservice, jobbe strukturert og systematisk, og beherske norsk og engelsk skriftleg og munnleg.

Det må påreknast reiseverksemd ut til kunde (primært Ålesund-regionen).

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant IT-utdanning og god teknisk forståing
  • God kompetanse på PC, Mac og mobile einingar (Android /iOS)
  • Relevant kompetanse eller erfaring innen en eller flere av følgende områder er ønskelig:
    • AD / AAD
    • Brukaradministrasjon
    • Microsoft 365 og Intune/Autopilot
    • Nettverk og server
  • Kandidaten må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil

Vi kan tilby

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit selskap med høg aktivitet
  • Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Konkurransedyktig løn etter avtale

Oppmøtestad: Ålesund

Fleire opplysningar om stillinga får du på telefon 91 39 20 20 hos Øyvind Lislevatn, avdelingsleiar konsulent.

Søk her

Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet og har om lag 80 tilsette. Selskapet har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta, og har avdeling i Ålesund.
Tussa IKT har to forretningsområde: IT og kommunikasjon.

Selskapet har arbeidd med datasenterteknologi i mange år, er ISO 27001-sertifisert og er Microsoft Gold Partnar.

Tussa IKT opplever stor etterspurnad etter IT-tenester og har vedteke ei strategisk satsing som styrkjer Tussa sin posisjon som totalleverandør av IT-tenester. Selskapet leverer komplette løysingar basert på nettskya Microsoft Azure, IT-tenester frå eige datasenter, i tillegg til IT-sikkerheit og ein profesjonell servicedesk.

Arbeidsgiver
Tussa IKT AS
Kontaktpersoner

Øyvind Lislevatn

Avdelingsleiar konsulent
  • 91 39 20 20