Stillinger

Kunderådgjevarar personmarknad i Volda og Ørsta

Sparebank 1 Søre Sunnmøre
Søknadsfrist: 05.12.2022
Tiltredelse: Etter avtale
Varighet: Fast

Vi styrker oss for vidare vekst!

Vi har stor vekst og søkjer no etter fleire dyktige rådgjevarar for å auke kapasiteten lokalt.

Vi søkjer etter aktive og entusiastiske medarbeidarar ved avdelingane våre i

  • Volda
  • Ørsta

Du kjem til eit team med dyktige kollegaer som er opptatt av trivsel, samhandling og utvikling. Vi ser etter lokal kompetanse og medarbeidarar som kjenner sitt nærområde og skal bygge og utvikle relasjonar til nye og eksisterande kundar.

Arbeidsoppgåvene dine vil vere rådgiving innan banktenester som kreditt, sparing, forsikring. Du må ha gode sals- og kommunikasjonsevner og er like trygg i telefonmøte og videomøter som i fysiske møter i banken. I banken er vi med på å realisere draumar, vi rettleier og har stor innverknad på kunden sine økonomiske val gjennom heile livet.

Kva ser vi etter?

  • Du har relevant erfaring og/eller utdanning på bachelornivå
  • Du har stor interesse for privatøkonomi og kunderetta arbeid
  • Du er initiativrik og proaktiv med høgt kundefokus
  • Du har evne til å skape gode kundeopplevingar via relevante kanalar
  • Du har smittande entusiasme og er ein god støttespelar med gode samarbeidseigenskapar

Lønn etter avtale. Gode pensjons-, forsikrings- og andre tilsettevilkår.

Søk her

Søknadsfrist: 05. desember 2022

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte:

Avdelingsbanksjef i Volda, Arne Lothe tlf 906 70 890, Avdelingsbanksjef i Ørsta, Marius Søvik tlf. 476 47 635, Banksjef Personmarknad Andre Skotheim, tlf. 480 17 909 eller Banksjef personal og stab Vidar Egset tlf 982 87 855.

Arbeidsgiver
Sparebank 1 Søre Sunnmøre
Kontaktpersoner

Marius Søvik

Avdelingsbanksjef Ørsta

Arne Lothe

Avdelingsbanksjef Volda

Andre Skotheim

Banksjef