Stillinger

Ledige stillingar hos Brødrene Sperre

Brødrene Sperre AS
Søknadsfrist: 30.09.2022
Tiltredelse: Etter avtale
Varighet: Fast

Vi søker

INNKJØPAR / SELJAR
Vi søkjer ein medarbeidar som har erfaring med kjøp og sal av sjømat.
Ein god «fiskekjøpar» ser etter moglegheiter i marknaden, både for kjøp og sal av fisk. Ein må ha teft for ein god handel, og sjå dei lange linjene i marknaden innanfor vårt segment.
Klikk her for fullstendig utlysning og for å søke på stillingen

EKSPORTKOORDINATOR
I nært samarbeid med vårt salsteam skal du utarbeide eksportdokument. Det inneber dokumentbehandling i Maritech (Timpex), fortolling og anna som følgjer med handelen. Du skal og arbeide med våre logistikkløysningar, og ha god oversikt over reglar som gjeld for eksport av sjømat til dei ulike marknadane.
Klikk her for fullstendig utlysning og for å søke på stillingen

MEKANIKAR
Vi søkjer ein sjølvstendig serviceteknikar, som skal ha ansvaret for drift og vedlikehald av nærare 50 gaffeltruckar, nokre «liftar» og anna teknisk utstyr. Arbeidet skjer stort sett på ein godt utstyrt verkstad på hovudanlegget på Sperre. Du vil jobbe i nært samarbeid med dei seks andre tilsette i teknisk avdeling.
Klikk her for fullstendig utlysning og for å søke på stillingen


Brødrene Sperre AS er ein av landets største produsentar og eksportørar av sjømat.
Vi produserer og sel klippfisk, pelagisk fisk og frosen kvitfisk til marknader over heile verda. Vi er stolte av å kunne sysselsette 150 årsverk i tilknyting til våre fire produksjonsanlegg i Ålesund kommune. Vi eksporterer og store delar av produksjonen frå dei andre selskapa i Sperrefish-konsernet; Vikomar AS, Hopen Fisk AS og Sevrin Tranvåg AS.
Vår visjon er å vere førstevalet i hele verdikjeda, frå fisken svømmer i havet til den ligg på tallerkenen.
www.sperrefish.com

Arbeidsgiver
Brødrene Sperre AS
Kontaktpersoner

Inger-Marie Sperre

Dagleg leiar