Stillinger

Senior Design Engineer

Ulstein Betongindustri AS
Søknadsfrist: 31.05.2024
Tiltredelse: Etter avtale
Varighet: Fast

Ulstein Betongindustri AS (UBI) er eit industriselskap som leverer produkt og system som består av blant anna flytande konstruksjonar i betong. UBI har bygd meir enn 180 flytande konstruksjonar i betong og selskapet er blant dei leiande i verda med flest leverte fôringsflåtar i betong til havbruksnæringa. UBI leverer også eit stort utval av flytande kaier og moloar. Grunna stor ordremengd og auka satsing på produktutvikling søker vi etter Senior Design Engineer for å leie dette arbeidet framover.

Sentrale arbeidsoppgåver
• Drive konseptutvikling
• Leie arbeid med produktutvikling
• Utvikle, standardisere og produktifisering av dei produkta som selskapet leverer
• Utarbeide salsunderlag
• Utvikle interne system, strukturar, malar og arbeidsmetodar

Ønska erfaring

• God erfaring med utarbeiding av salsunderlag, konseptutvikling, produktutvikling og industriell
erfaring med produksjonsbedrifter
• God kjennskap til DAK-, ERP-system og planleggingsverkty
• Relevant utdanning med master, bachelor eller teknisk fagskule

Personlege eigenskapar

• Kreativ
• Strukturert og systematisk
• Initiativrik med stor gjennomføringsevne
• Løysingsorientert og fleksibel
• God kommunikasjonsevne og likar samarbeid

Vi kan tilby

• Store moglegheiter til å vere med og forme rolla i selskapet sjølv
• Vere med og leie utviklinga av dei produkta selskapet jobbar med
• Personleg karriereutvikling, og vere med og bygge opp eit designmiljø i selskapet
• Konkurransedyktige vilkår

Spørsmål om stillinga kan rettast til Erlend Haugsbø, tlf. 996 39 496
Søknad skal sendast pr. e-post til: eli@ulsteinbetong.no

Søknadsfrist: 31.05.24

Meir informasjon om oss finn du på vår heimeside ulsteinbetong.no

Arbeidsgiver
Ulstein Betongindustri AS
Kontaktpersoner

Erlend Haugsbø

  • 996 39 496