Stillinger

Spennande stillingar hos STADT

STADT AS
Søknadsfrist: 15.02.2023
Tiltredelse: Etter avtale
Varighet: Fast

STADT AS er eit teknologiselskap med hovedkontor i eigne moderne lokaler i Gjerdsvika. Vi leverer patenterte elektrisk framdriftsløysingar for skip, både sivile og militære.

STADT NAVAL har ein betydeleg langsiktig ordrereserve, og skal mellom anna ta del i to EU prosjekt for utvikling av neste generasjons militære skip (EPC) med elektrisk framdrift, og utvikle digital tvillingskonsept for det same. (HEGAPS)

Også andre nye store internasjonale kontrakter gjer at vi no utvidar staben vår med fleire tilsette :

ELKRAFT-INGENIØR
Propulsjonsdesignavdelinga søkjer dyktig ingeniør med tverrfagleg erfaring frå mellom anna lav - eller mellomspente elkraftanlegg på skip. Design, utvikling og oppfylging av våre energi- og propulsjonsløysingar, og deltaking i testing og oppstart av anlegg er viktige oppgåver i stillinga. God skriftleg og muntleg formuleringsevne i norsk og engelsk er avgjerande.

AUTOMATIKAR
Vi søkjer også etter automatikar for å jobbe med vår PLS og AC drive teknologi, dokumentasjon, programmering, montering og oppstart av system. Nyutdanna kan også søkje her.

TRAINEE TEKNISK
Teknisk interessert person får tilbud om Trainee-plass hjå oss. Varierte oppgåver og opplæring i spennande internasjonalt teknologisk miljø.

TRAINEE SALG
Kommersielt interessert person får tilbud og Trainee-plass hjå oss. Varierte oppgåver og opplæring i spennande internasjonalt teknologisk miljø.

TRAINEE ØKONOMI
Prosjektavdelinga har ledig plass for Trainee, som vil få varierte oppgåver innan prosjektøkonomi og rekneskap.

Vil du vere med å skape innovative framtidsretta framdriftsløysingar for den globale skipsfarta ? Då bør du kontakte oss på STADT for ein prat.
For alle stillingar tilbyr vi konkurransedyktige vilkår og spennande utviklingsmulegheiter for rett person.

Interesserte søkjarar kan ta kontakt med Hallvard Slettevoll i STADT GRUPPA for meir informasjon om stillingane. Epost hallvard@stadt.no
Sjå også www.stadt.no


Arbeidsgiver
STADT AS
Kontaktpersoner

Hallvard Slettevoll

Director, CEO