Stillinger

Spennande stillingar hos Tussa Energi

Tussa Energi AS
Søknadsfrist: 08.06.2023
Tiltredelse: Etter avtale
Varighet: Fast

Tussa Energi AS søkjer no fleire dyktige medarbeidarar:

SIVILINGENIØR / INGENIØR - BYGG/VTA
Vi leitar etter ein engasjert, handlekraftig og strukturert medarbeidar som viser engasjement, tek initiativ og deler erfaring. Du samarbeider gjennom involvering, er raus og har godt humør.
Meir informasjon om stillinga finn du her

FAGANSVARLEG IT, KRAFTHANDEL
Tussa vil styrke krafthandelsmiljøet og søkjer etter deg med solid IT kompetanse og bakgrunn frå prosessflyt/programmering/software. Du vil inngå i teamet saman med produksjonsplanleggjar, trader og avrekningsansvarleg i tillegg til avdelingsleiar
Meir informasjon om stillinga finn du her

ELEKTRO/AUTOMASJONSINGENIØR
Vi søkjer deg som er utdanna ingeniør innan elektro/automasjon. Som person må du vere engasjert, ansvarleg og ha sterk fagleg interesse. Vi ser etter deg som både har evne til å jobbe sjølvstendig, men som også har gode samarbeidsevner.
Meir informasjon om stillinga finn du her

Tussakonsernet

Tussa er eit konsern på Nord-Vestlandet med over 250 medarbeidarar. Konsernet femnar om forretningsområda energi, IKT og installasjon og har ei årleg omsetning på om lag 1 mrd. kr. Tussa har stort miljøfokus og er miljøsertifisert etter ISO 14001:2015 standarden.
Konsernet sitt hovudkontor ligg i Ørsta – i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.

Tussa Energi

Tussa Energi AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Selskapet planlegg, bygg ut og driv kraftverk, samt kjøper og sel kraft i kraftmarknaden. Tussa Energi driv og held ved like 29 kraftverk og eit biobrenselanlegg. Vi står føre ein periode med mange oppgraderingsprosjekt av dammar, vassvegar og kraftstasjonar i tillegg til nybygg. Selskapet har hovudkontor i Ørsta og har om lag 20 tilsette.

Arbeidsgiver
Tussa Energi AS
Kontaktpersoner

Kontaktperson finn du ved å klikke på den enkelte stilling