Banktopp meiner nedtur gir nye sjansar
POSITIVE SIDER: Korreksjonen i økonomien på grunn av oljeprisfallet gir andre deler av næringslivet nye moglegheiter, meiner administrerande banksjef Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Nytt

Banktopp meiner nedtur gir nye sjansar

Nedturen i oljeprisen gir næringslivet i Sogn og Fjordane nye sjansar, meiner toppsjefen i Sparebanken Sogn og Fjordane.

23.01.2015
- Det gjeld å gripe dei moglegheitene som denne situasjonen gir, seier Arvid Andenæs, toppsjefen i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Næringsbarometer for fylket, som blir presentert i dag, teiknar eit bilete av eit fylke som slepp billegare unna nedturen i oljeprisen enn nabofylka i nord og sør.
Andenæs er oppteken av dei positive siden ved at nedkjølinga i oljebransjen. Vilkåra for store deler av resten av næringslivet betrar seg når trykket for oljebransjen avtek. Det blir lettare å få tak i folk og konkurransevilkåra for eksportnæringane har blitt betre.
- Det blir fokus på andre næringar, seier han.

Trur på låg oljepris

Andenæs trur ikkje på eit snarleg stort oppsving i oljeprisen. Grunnen er at produksjonkostnadane i Midt-austen og på skiferoljefelta i USA godt tåler en oljerpris på 70 dollar fatet.
Slår den analysen til vil næringslivet utanom oljen heller ikkje få tøffare konkurranse om investeringsmidlar og arbeidskraft med det første.

Stabil arbeidsløyse

Reiseliv, metall- og fiskeeksport gir Sogn og Fjordane drahjelp når andre slit.
Nav i Sogn og Fjordane reknar med at arbeidsløysa vil halde seg stabil i fylket gjennom 2015. Det kjem fram av Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane, som blir presenterer i formiddag, fredag 23. januar.

Mindre oljeutsett

Presseansvarleg Frode Henden i Nav Sogn og Fjordane seier til NETT NO at fylket er mindre sårbar for svingingane i oljeprisen fordi det er færre arbeidsplassar i fylket i bedrifter som er utsett for nedskjæringar når oljeprisen fell.
Der skil fylket seg mykje frå Hordaland, som har ei rekkje bedrifrter og arbeidsplassar knytt til utbygging og leiting etter olje. Dei som har jobb knytt til oljebransjen i Sogn og Fjordane er i større grad knytt til drift, og dermed mindre utsett for kutt, i følgje Henden.
Medan ein fjerdedel av næringslivet i Hordaland har delar av omsetnaden frå petroleumsrelatert aktivitet, gjeld det berre 15 prosent i Sogn og Fjordane, i følgje næringsbarometeret.

Valutagevinst

Med metallverk i Årdal, Høyanger og Svelgen får Sogn og Fjordane drahjelp frå utviklinga i valutakursen. Vekslingskursen mellom kroner og dollar og Euro har endra seg slik at norske eksportbedrifter sit att med meir sjølv om prisen på varen deira i utanlandsk valuta ikkje endrar seg.
Heile oppdrettsnæringa og fiskerinæringa nyt også godt av valutakursutviklinga.

40 prosent av verksemdene ventar auka eksport, medan ni prosent ventar reduksjon. Det er om lag same resultat som i fjor. Målinga viser òg at verdien av ordrebehaldninga er uendra eller større for storparten av verksemdene (80 prosent), samanlikna med inngangen til 2014, i følgje barometeret.

Fleire turistar

Reiseeivsbransjen er den tredje næringa som nyt godt at valutakursendingane. Det er blitt billegare for utlendingar å kome til Noreg, og dyrare for nordmenn å ferierer i utlandet.
Det tener den hemleige reiselivsbransjen på, og hos Hotel Alexandra i Loen er effekten allereie merkbar. Der ventar hotelldriektrør Richar Grov eit oppsving i besøket i år, og ein sjanse til å også auke fortenesten pr. besøkande neste år.

Færre optimistar

Næringsbarometer er basert på svar frå 730 bedrifter i Sogn og Fjordane,
Sjølv om eksportbedriftene får drahjelp av valutautviklinga slår fallet i oljeprisen og den generelle utvikling i økonomien ut i stemning også i Sogn og Fjordane.
"Tala for 2014 syner dei lågaste forventingane til det komande året sidan Næringsbarometeret starta i 2007. Sidan hausten 2013 har den samla indeksen falle med seks poeng. Optimistane er likevel i fleirtal, og indeksen hamnar på 14 poeng. Det er særleg forventingane til investeringar som trekkjer ned. Gruppa som ventar å auke investeringane i 2015 er så vidt større enn dei som trur på nedgang", heiter det i rapporten.
Størst fall i forventingane har det vore innan varehandel og bygge- og anleggsnæringa.
Det gjeld å gripe dei moglegheitene som denne situasjonen gir

Publisert: 23.01.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40