Dette er NETT NO

Ønskjer du å følgje godt med på det som skjer i nærings- og samfunnsliv på Sunnmøre, i Nordfjord og Romsdal og i Bergen? Då er NETT NO rette staden.

Nett No finn du på alle digitale plattformer, i tillegg til at vi gir ut podcasten Podium og eit årleg spesialmagasin om nærings- og samfunnslivet i Nordfjord, på Sunnmøre og i Romsdal (Vestnes, Rauma og Molde). Frå 2024 har vi óg dekt Bergen-regionen.

Nett No-regionen er av dei mest pulserande delane av landet. Her har ein plassert seg i verdstoppen i fiskeri, møbel, oppdrett, offshore, verft og maritim utstyrsindustri - men her er så mykje meir, som sjeldan kjem fram i media. Det gjer Nett No noko med.

Nett No har som mål å vere best på regionale nyheiter om næringslivet, men vi femner også breiare og skriv om samfunnet rundt. I tillegg har vi debattstoff, og går i djupna med analyser og formidling av trendar.

Profesjonelt næringsliv treng profesjonell journalistikk.

Les historia om NETT NO under:

Nett No er ei betalingsteneste, der abonnentane får tilgang til Nett No på mobil, lesebrett og nett, samt at ein vil få tilgang til alle spesialmagasin i regi av Nett No.

Hovudaktørar bak satsinga er redaktør Ogne Øyehaug og journalist Marius Rosbach, med Synne Godheim som sals- og kundeansvarleg, og Eirik Staurset som dagleg leiar. I Bergen er journalistane Karoline Prytz Berset og Paula Zwolenski.

Nett No er eigd av selskapet Bakkar og Berg Media AS. Selskapet har hovudkontor i Fosnavåg Rederipark i Herøy.

Bakkar og Berg Media AS er eit fritt og uavhengig privat medieselskap som skal utøve sitt journalistiske virke i tråd med pressa sitt etiske regelverk, Lov om redaksjonell fridom og prinsippet om redaktøren si sjølvstendige stilling, slik denne er omtala i Redaktørplakaten.
 

KONTAKT:
 

  • Redaktør: Ogne Øyehaug - 957 79 727
  • Journalistar:
  • Marius Rosbach - 907 36 774
  • Paula Zwolenski - 97313473
  • Karoline Prytz Berset - 46541934
  • Dagleg leiar: Eirik Lindhjem Staurset - 916 25 102
  • Redaksjon: redaksjon@nett.no
  • Annonse: annonse@nett.no
  • Abonnement: abonnement@nett.no



Annet:

Les om Informasjonskapsler

Personvernerklæring for NETT NO

Redaksjonelle retningslinjer
 

Publisert: 23.02.2021 15:48

Sist oppdatert: 21.05.2026 19:57