nettno  

Nett No utvidar satsinga og aukar prisen

Redaksjonen i Nett No er utvida til fem journalistar, tre på fulltid - og vi er no til stades både på Nordvestlandet og i Bergen.

Poenget med å utvide staben er enkelt: Å lage ei betre avis for lesarar som vil halde seg orientert om nærings- og samfunnsliv i våre dekningsområde. 

I løpet av dei siste åra har verda både blitt farlegare, framtida meir usikker og det er meir sannsynleg med bråe omveltningar. 

Då er god, nyttig og påliteleg informasjon blitt enda viktigare enn før.

Ambisjonen er ikkje først og fremst å skrive fleire artiklar, men å gå grundigare inn i meir kompliserte og tidkrevande saker. 

Ambisjonen er også å utvide dekninga, slik at fleire bransjar og aktørar kjem betre fram i lyset.

Inntektsvekst kombinert med at Nett No kom inn under pressestøtteordninga har gitt oss høve til å utvide satsinga. 

Men satsinga kostar. 

Når vi no aukar prisane frå 1. juni er det for å sikre og oppretthalde den auka satsinga framover.

Ny pris per mnd er 189,-

Ny pris for årsabonnement er 1999,- før eventuelt 20% rabatt for alle med 5, eller fleire brukarar under eitt abonnement.
 

Vennleg helsing oss Nett No