
Nytt
Her vil dei halde arbeidet i gang i påska
- Mange vil arbeide i staden for å hamne 28 dagar i karantene.
18.03.2020
Medan andre verksemder stenger ned eller reduserer aktiviteten, vurderer Larsnes Mek. Verksted i Sande å halde verftet i gang også i påska.
- Ja, dette er noko vi ser på no, seier verftsdirektør Jarle Gunnarstein.
Han seier at ei årsak er at verftet har godt med arbeid.
- I dagens situasjon er det viktig å halde i gang så mange bedrifter som muleg.
- Om nokre av desse reiser heim i påska, vil dei fort hamne i 14 dagar karantene i heimlandet.
- Når dei så kjem tilbake til Norge, vil dei få nye 14 dagar karantene.
- Dette vert fort ein månad utan løn.
- Difor ser vi no på denne mulegheita.
Han opplyser at verftet har eit førtitals tilsette frå ulike firma som har vore i karantene.
- Dette er folk som har vore på reise til utlandet.
- Då vil vi vere rundt 120 innom portane her. Det er over 90 prosent av full produksjon.
Verftet er i ferd med å overlevere brønnbåten Ro Vision, men Gunnarstein seier at koronaviruset har ført til utfordringar.
Dette dreier seg om ein tilsett i eit anna firma som bur på Nordfjordeid og som skal gjere noko arbeid på båten.
Gunnarstein seier at ein har vurdert å ta båten til Åheim i Vanylven.
- Vanylven har ikkje stengt for innreise frå tidlegare Sogn og Fjordane, medan Sande har stengt for heile nye Vestland fylke.
- Men vi skal uansett finne ei løysing. Det er vi kjende for. Kanskje kan det løysast gjennom ein dispensasjon, seier Gunnarstein.
- Vi held hjula i gang så lenge vi får lov til det av styresmaktene.
- Vi kan ikkje la heile Norge stoppe opp, seier Gunnarstein.
- Ja, dette er noko vi ser på no, seier verftsdirektør Jarle Gunnarstein.
Han seier at ei årsak er at verftet har godt med arbeid.
- I dagens situasjon er det viktig å halde i gang så mange bedrifter som muleg.
Utanlandske tilsette vil ikkje heim
Minst like viktig er at verftet har mange tilsette frå Polen, Lithauen og Romania, som har hamna i ein låst situasjon.- Om nokre av desse reiser heim i påska, vil dei fort hamne i 14 dagar karantene i heimlandet.
- Når dei så kjem tilbake til Norge, vil dei få nye 14 dagar karantene.
- Dette vert fort ein månad utan løn.
40 i karantene
Gunnarstein seier at enkelte ønsker å arbeide i påska, og heller ta ferie når situasjonen normaliserer seg.- Difor ser vi no på denne mulegheita.
Han opplyser at verftet har eit førtitals tilsette frå ulike firma som har vore i karantene.
- Dette er folk som har vore på reise til utlandet.
Koronautfordringar
Frå neste veke av vil dei fleste vere tilbake i arbeid.- Då vil vi vere rundt 120 innom portane her. Det er over 90 prosent av full produksjon.
Verftet er i ferd med å overlevere brønnbåten Ro Vision, men Gunnarstein seier at koronaviruset har ført til utfordringar.
Dette dreier seg om ein tilsett i eit anna firma som bur på Nordfjordeid og som skal gjere noko arbeid på båten.
Gunnarstein seier at ein har vurdert å ta båten til Åheim i Vanylven.
- Vanylven har ikkje stengt for innreise frå tidlegare Sogn og Fjordane, medan Sande har stengt for heile nye Vestland fylke.
- Men vi skal uansett finne ei løysing. Det er vi kjende for. Kanskje kan det løysast gjennom ein dispensasjon, seier Gunnarstein.
- Vi kan ikkje stoppe opp
Ved verftet skal ein no i gang på utrustninga av den hybride brønnbåten Ro Venture til Rostein.- Vi held hjula i gang så lenge vi får lov til det av styresmaktene.
- Vi kan ikkje la heile Norge stoppe opp, seier Gunnarstein.
Vi kan ikkje la heile Norge stoppe opp
Publisert: 18.03.2020 12:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54