Nytt
Frå vondt til betre
13 av 19 skipsverft betra resultatet i fjor.
26.09.2017
For tredje år på rad er det dei mindre og mellomstore skipsverfta som gjer det best i norsk skipsbyggingsindustri.
Aller best gjekk det for Aas Mek. Verksted på Vestnes, som i 2016 hadde så mykje å gjere at verftet kila seg inn blant dei fire største målt i driftsinntekter.
Klikk på lenka i slutten av artikkelen for å få full oversikt over korleis det gjekk med norske verft i fjor.
Aas Mek. Verksted har spesialisert seg på brønnbåtar. To av tre båtar verftet leverte i fjor var brønnbåtar, og i sommar fekk verftet nok ein kontrakt med Sølvtrans, på ein brønnbåt til rundt 200 millionar kroner.
Til saman har Sølvtrans og datteselskapet Bømlo Brønnbåtservice fått bygd 28 brønnbåtar hos Aas Mek. Verksted.
Med den siste kontrakten er reiarlaget kome opp i kontrakt nummer 29 med verftet, og brukar det opsjonen på eitt skip til kan kontrakt nummer 30 med verftet i Vestnes vere eit faktum i løpet av året.
Vard, som gjekk med 1,2 milliardar i minus i 2015 gjekk i minus også i 2016. Men underskotet er krympa til 57 millioar kroner. Også Ulstein Verft og Havyard Technology betre resultatet i fjor.
Men det gjorde ikkje Kleven, som har gått med til saman 580 millionar kroner i underskot dei to siste åra. Det enda med at nyleg med at nye eigarar, med Hurtigruten og Åge Remøy, skaut inn cirka 300 millionar kroner. Kjersti Klevens familiegrein gjekk og inn med pengar, men eig no under 20 prosent i selskapet.
Kontraktane fordeler seg på 29 skip, med fiskebåtar og ferjer i spissen. Vard har fått tre, Ulstein ein, og resten er fordelt på mindre og mellomstore verft viser ei fersk oversikt frå bransje- og marknadsføringsorganisajonen Norske Skipsverft.
På same tid i fjor var det skrive kontraktar for 10,6 milliardar kroner, fordelt på 18 farty.
Ordrelista så langt er blotta for offshorefarty til oljebransjen.
Åtte fiskefarty og like mange ferjer er bestilt, fire brønnbåtar, tre passasjerfarty, tre arbeidsbåtar, eitt serviceskip for offshore vindkraftproduksjon, eitt ekspedisjonfarty og eitt krillfarty.
Men verftstala tyder og på at i alle fall ein del av bedriftene i den maritime klynga, som omfattar skipsdesignselskap, utstyrsleverandørar, verft og reiarlag, er inne i ein opptur.
Aller best gjekk det for Aas Mek. Verksted på Vestnes, som i 2016 hadde så mykje å gjere at verftet kila seg inn blant dei fire største målt i driftsinntekter.
Klikk på lenka i slutten av artikkelen for å få full oversikt over korleis det gjekk med norske verft i fjor.
Lønsemd-toppen
Verftet i Vestnes er og heilt i toppen målt i lønsemd. Resultatmarginen - resultat før skatt i prosent av driftsinntektene - blei 11,9 prosent. Det er meir enn dobbelt så bra som i 2015, og berre Oma Baatbyggeri på Stord kom gjorde det betre i fjor (så tabell).Aas Mek. Verksted har spesialisert seg på brønnbåtar. To av tre båtar verftet leverte i fjor var brønnbåtar, og i sommar fekk verftet nok ein kontrakt med Sølvtrans, på ein brønnbåt til rundt 200 millionar kroner.
Til saman har Sølvtrans og datteselskapet Bømlo Brønnbåtservice fått bygd 28 brønnbåtar hos Aas Mek. Verksted.
Med den siste kontrakten er reiarlaget kome opp i kontrakt nummer 29 med verftet, og brukar det opsjonen på eitt skip til kan kontrakt nummer 30 med verftet i Vestnes vere eit faktum i løpet av året.
Kleven dreg ned
Av dei tradisjonelt fire største verftsgruppene; Vard, Kleven, Havyard og Ulstein er det spesielt det store underskotet til Kleven som trekkjer ned.Vard, som gjekk med 1,2 milliardar i minus i 2015 gjekk i minus også i 2016. Men underskotet er krympa til 57 millioar kroner. Også Ulstein Verft og Havyard Technology betre resultatet i fjor.
Men det gjorde ikkje Kleven, som har gått med til saman 580 millionar kroner i underskot dei to siste åra. Det enda med at nyleg med at nye eigarar, med Hurtigruten og Åge Remøy, skaut inn cirka 300 millionar kroner. Kjersti Klevens familiegrein gjekk og inn med pengar, men eig no under 20 prosent i selskapet.
Ingen offshorefarty
Norske skipsverft har signert kontraktar for 9,7 milliardar kroner hittil i år.Kontraktane fordeler seg på 29 skip, med fiskebåtar og ferjer i spissen. Vard har fått tre, Ulstein ein, og resten er fordelt på mindre og mellomstore verft viser ei fersk oversikt frå bransje- og marknadsføringsorganisajonen Norske Skipsverft.
På same tid i fjor var det skrive kontraktar for 10,6 milliardar kroner, fordelt på 18 farty.
Ordrelista så langt er blotta for offshorefarty til oljebransjen.
Åtte fiskefarty og like mange ferjer er bestilt, fire brønnbåtar, tre passasjerfarty, tre arbeidsbåtar, eitt serviceskip for offshore vindkraftproduksjon, eitt ekspedisjonfarty og eitt krillfarty.
Tunge i den maritime klynga
Skipsverfta veg tungt i den maritime klynga på Nordvestlandet. Oversikta over 2016-resultata for verfta tyder på at statusrapporten for den maritime klynga, som blir lagt fram på den årlege klyngekonferansen under Campusveka førstkomande fredag, kjem til å vise ei at driftsinntektene til dei maritime bedriftene truleg har krympa samla sett.Men verftstala tyder og på at i alle fall ein del av bedriftene i den maritime klynga, som omfattar skipsdesignselskap, utstyrsleverandørar, verft og reiarlag, er inne i ein opptur.
Publisert: 26.09.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14