Nytt
Gjennombrot for Profunda
I sju år har Helge Ressem jobba for å lure laksen til å gyte om sommaren. No ser det ut til at han har klart det.
20.07.2015
Poenget med å få laksen til å gyte om sommaren i staden for i november - som er gytetida i naturen - er få raskare vekst, og dermed betre utnytting av oppdrettsanlegga.
Blir rogna klar om sommaren, er smolten (lakseyngel som tåler saltvatn) større enn "vanleg" smolt når den blir sett ut i sjøen hausten etter. Det sikrar betre vekst i vintersesongen. Spesielt i Nord-Noreg er betre vintervekst eit pluss.
Ressem er dagleg leiar og storaksjonær i Profunda, ein lakserognprodusent i Barstadvik i Ørsta, og starta i 2008 arbeidet med å manipulere laksen til å flytte gytetida.
I dag samarbeider han med Lerøy Seafood Group, og Ressem seier prosjektet no er i overgangen frå eit forskings- og utviklingsprosjekt til vanleg produksjon.
Profunda hentar sjøvaten frå to brønnar som er bora ned i morenegrunnen ved anlegget. Sjøvatn trekkjer inn i morenemassane, som funger både som eit biologisk og mekanisk reinsefilter.
Ressem meiner Barstadvika er unik.
- Eg veit ikkje om nokon andre plassar som har dette i Noreg, seier han.
Det tek fire år før laksen blir gyteklar. Etter gyting blir den slakta og teke prøve av for å kontrollere om det er sjukdom på fisken, før det blir gitt klarsignal til sal av rogna.
I starten var det kveiteoppdrett det handla om, deretter torsk, men dei siste åra lakserogn.
På det meste har selskapet hatt driftsinntekter på 35 millionar kroner (2008) og på det beste (2005) ein resultatmargin på over 44 prosent.
Profunda har åtte tilsette, fordelt på seks årsverk.
Blir rogna klar om sommaren, er smolten (lakseyngel som tåler saltvatn) større enn "vanleg" smolt når den blir sett ut i sjøen hausten etter. Det sikrar betre vekst i vintersesongen. Spesielt i Nord-Noreg er betre vintervekst eit pluss.
Ressem er dagleg leiar og storaksjonær i Profunda, ein lakserognprodusent i Barstadvik i Ørsta, og starta i 2008 arbeidet med å manipulere laksen til å flytte gytetida.
I dag samarbeider han med Lerøy Seafood Group, og Ressem seier prosjektet no er i overgangen frå eit forskings- og utviklingsprosjekt til vanleg produksjon.
Unik kjelde
Det er to faktorar som forklarar kvifor Profunda har fått det til, meiner Ressem. Det eine er er tolmodig og nitidig arbeid blant anna med lys- og temperaturmanipulasjon for å endre gytemønsteret. Det andre er at selskapet har ei vasskjelde som sikrar reint og stabilt sjøvatn, slik at produksjonstilhøva er stabile.Profunda hentar sjøvaten frå to brønnar som er bora ned i morenegrunnen ved anlegget. Sjøvatn trekkjer inn i morenemassane, som funger både som eit biologisk og mekanisk reinsefilter.
Ressem meiner Barstadvika er unik.
- Eg veit ikkje om nokon andre plassar som har dette i Noreg, seier han.
Sikring mot sjukdom
Ved å la stamfisken vekse opp i tankar innandørs får Ressem betre kontroll mot sjukdom.Det tek fire år før laksen blir gyteklar. Etter gyting blir den slakta og teke prøve av for å kontrollere om det er sjukdom på fisken, før det blir gitt klarsignal til sal av rogna.
Stabile eigarar
Veterinærekteparet Else Marie og Helge Ressem grunnla yngelprodusenten Profunda i 1998. Med frå starten var også doktor i fiskesjukdomar, Sindre Grotmol, og investor og siviløkonom Hans Peter Michelet. Ressem og Michelet er framleis medeigarar, og storparten av dei andre aksjonærane har vore med frå starten.I starten var det kveiteoppdrett det handla om, deretter torsk, men dei siste åra lakserogn.
På det meste har selskapet hatt driftsinntekter på 35 millionar kroner (2008) og på det beste (2005) ein resultatmargin på over 44 prosent.
Profunda har åtte tilsette, fordelt på seks årsverk.
Publisert: 20.07.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45