Kina lammar norsk fiskeeksport
KINA: Det kan verte smått med norsk fisk på kinesiske fiskemarknader framover etter at kinesiske veterinærstyresmakter har sett i verk svært strenge kontrolltiltak på norsk fisk.
Nytt

Kina lammar norsk fiskeeksport

Strengare og hyppigare veterinærkontrollar er i ferd med å lamme den norske sjømateksporten til Kina. Endringa kjem svært overraskande.

23.05.2015
- Vi har siste vekene fått ei rekkje tilbakemeldingar om at norske eksportørar har problem med å få norsk sjømat inn i Kina.
- Det er ein svært utfordrande situasjon, seier direktør Sigmund Bjørgo ved Norsk Sjømatråd i Shanghai.

3,2 milliardar kroner

I 2014 vart det eksportert sjømat for 3,2 milliardar kroner til Kina. Det er dermed snakk om ein svært viktig marknad for norsk sjømat.
Endringa kom overraskande.
- Ja, tilbakemeldingar frå næringsaktørar er at kinesiske Veterinærstyresmakter har sett i gang hyppige og omfattande kontrollar av all norsk sjømat.
I praksis vert den norske sjømaten sett i karantene medan det foregår testing. Denne karantenetida kan ta lang tid.

Stopp for blåkveite

Det er usikkert om det er snakk om å stoppe eksport av ulike fiskeslag, men importen av norsk blåkveite til Kina har alt stoppa.
- Her har vi fått beskjed frå norske eksportørar om at blåkveite ikkje lenger står på lista over fiskeslag som kan importerast til Kina, seier Bjørgo.
Totalt vart det eksportert 2.300 tonn blåkveite i 2014 til Kina, til ein verdi av 77 millionar kroner.

Store konsekvensar

Langt verre vil ein kinesisk importstopp vere for norsk laks, som i hovudsak går til konsum. I 2014 vart det eksportert 10.400 tonn laks til ein verdi av 445 millionar kroner.
I volum er det makrellen som dominerer, med 82.000 tonn makrell i 2014 til ein samla verdi av 820 millionar kroner.
I verdi vart makrellen berre slått av torsken. Her var den samla eksporten til Kina i 2014 på 49.000 tonn og ein samla verdi av 890 millionar kroner.
- Svært lite av torsken går i dag til kinesisk konsum, men vert prosessert i Kina og reeksportert til Norge, seier Bjørgo.

Gjeld berre Norge

Han vil ikkje spekulere i kva som er årsaka til at det er sett i verk så strenge tiltak mot norsk fisk.
- No har vi fullt fokus på å få oversikt over situasjonen, samt å informere næringa og norske myndigheiter om kva som skjer i marknaden.
Han kjenner ikkje til om Island, Færøyane eller andre europeiske land er underlagt eit like strengt kontrollregime som norsk sjømat.
- Nei, vi er ikkje kjent med at dette gjeld andre land enn Norge.

- All fisk stoppa i transitt

Direktør Paul Harald Leinebø ved fiskeeksportøren PHL Service i Fosnavåg kjenner til at det er innført eit nytt testregime.
- All fisk vert stoppa i transitt. Deretter vert det tatt testar, som vert sende til Beijing for analyse.
Han seier at selskapet hittil ikkje har opplevd at fisken ikkje kjem inn i Kina.
- Unntaket er eit par kontainerar med blåkveite. Desse sende importøren vidare til Vietnam.
- Men nye ordrar er sette på is.

- Ei kjempeutfordring

Han seier at dei fleste kinesiske selskap avventar situasjonen og bestiller ikkje fisk for tida.
- Dersom situasjonen vedvarer har norske fiskarar og eksportørar ei kjempeutfordring med å finne ein ny marknad over natta, og ikkje minst å halde oppe fiskeprisen.
Sigmund Bjørgo rår norske fiskeeksportørar til å ha tett dialog med sine kinesiske importørar.
- Det er dei kinesiske importørane som kjenner situasjonen best.
Nei, vi er ikkje kjent med at dette gjeld andre land enn Norge

Publisert: 23.05.2015 06:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44