Nytt
Marine Harvest jaktar areal for storutviding
Marine Harvest vil utvide både kjølekapasiteten og legge til rette for bygging av emballasjefabrikk på Eggesbønes, men manglar areal.
27.05.2015
- Før vi kan gå vidare med planane, må vi ha tilstrekkeleg med areal, seier regiondirektør Per-Roar Gjerde i Marine Harvest.
- Det er ei plikt for kommunen å leggje til rette for at Marine Harvest kan bestå og utvikle seg i Herøy, seier ordførar Arnulf Goksøyr.
- Ja, det er her laksen frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal skal slaktast.
Men no er kapasiteten i ferd med å verte sprengd.
- Maksimal årskapasitet på dagens anlegg er 95.000 til 100.000 tonn. I 2014 passerte vi 83.000 tonn seier Gjerde.
Han seier at konsernet har fokus på å drive meir effektivt.
- Det er snakk om rundt fire millionar kasser i året, slik at det er store volum som skal transporterast.
- Det vil vere ein miljøgevinst i å kunne produsere store deler av emballasjen nærast muleg fabrikken, seier Gjerde.
- I dag har vi brukt alt arealet som vi har tilgjengeleg. For oss hastar det å få ei avklaring på når vi kan få meir areal, seier Gjerde.
Han seier at ei eventuell utviding også kan bety fleire arbeidsplassar. I dag er det 217 fast tilsette ved anlegget.
- Vi må finne ei løysing på det kortsiktige arealbehovet, men også sjå på løysingar i eit langsiktig perspektiv.
Kortsiktig dreier det seg om å leggje til rette for meir areal på land.
- Her vil vi køyre ein ryddig prosess, i godt samspel med naboane, seier Goksøyr.
- Her vil vi ha ein dialog med Kystverket for å sjå om det er muleg å bruke masse frå utdjuping av Vaulane (sunda mellom Nerlandsøya og Bergsøya og mellom Leinøya og Remøya, red. mrk), seier Goksøyr.
- Dagleg køyrer det rundt 15 trailerar med emballasje. Det er 30 store bilar som anten køyrer til eller frå anlegget.
- Å få fjerna denne transporten vil ha stor positiv miljøeffekt, seier han.
- Det er ei plikt for kommunen å leggje til rette for at Marine Harvest kan bestå og utvikle seg i Herøy, seier ordførar Arnulf Goksøyr.
Verdas største
Per-Roar Gjerde gjer det klart at selskapet ønskjer å satse vidare på Eggesbønes, der selskapet har det som er rekna som verdas største lakseslakteri.- Ja, det er her laksen frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal skal slaktast.
83.000 tonn laks i 2014
Ved lakseslakteriet kan det slaktast 90.000 laks i døgnet, og på ein god dag går det 30 trailerar ut frå anlegget.Men no er kapasiteten i ferd med å verte sprengd.
- Maksimal årskapasitet på dagens anlegg er 95.000 til 100.000 tonn. I 2014 passerte vi 83.000 tonn seier Gjerde.
Han seier at konsernet har fokus på å drive meir effektivt.
Vil kutte emballasjefrakt frå Vartdal
I dag vert all emballasjen levert av Vartdal Plast og køyrd frå Vartdal.- Det er snakk om rundt fire millionar kasser i året, slik at det er store volum som skal transporterast.
- Det vil vere ein miljøgevinst i å kunne produsere store deler av emballasjen nærast muleg fabrikken, seier Gjerde.
- Hastar med avklaring
Representantar for leiinga i Marine Harvest var nyleg i møte med Herøy kommune for å diskutere arealbehovet.- I dag har vi brukt alt arealet som vi har tilgjengeleg. For oss hastar det å få ei avklaring på når vi kan få meir areal, seier Gjerde.
Han seier at ei eventuell utviding også kan bety fleire arbeidsplassar. I dag er det 217 fast tilsette ved anlegget.
Positivt formannskap
Ordførar Arnulf Goksøyr seier at Herøy formannskap er positivt innstilt på å finne ei løysing for Marine Harvest.- Vi må finne ei løysing på det kortsiktige arealbehovet, men også sjå på løysingar i eit langsiktig perspektiv.
Kortsiktig dreier det seg om å leggje til rette for meir areal på land.
- Her vil vi køyre ein ryddig prosess, i godt samspel med naboane, seier Goksøyr.
Vurderer sjøfylling
Lenger fram kan det verte aktuelt med utfylling i sjøen.- Her vil vi ha ein dialog med Kystverket for å sjå om det er muleg å bruke masse frå utdjuping av Vaulane (sunda mellom Nerlandsøya og Bergsøya og mellom Leinøya og Remøya, red. mrk), seier Goksøyr.
- Stor miljøgevinst
I tillegg til at Marine Harvest er ein sterk bidragsytar for å få eit differensiert arbeidsliv i Herøy, meiner Goksøyr at det vil vere ein stor miljøgevinst om produksjonen av emballasje vil skje i tilknytning TIL anlegget på Eggesbønes.- Dagleg køyrer det rundt 15 trailerar med emballasje. Det er 30 store bilar som anten køyrer til eller frå anlegget.
- Å få fjerna denne transporten vil ha stor positiv miljøeffekt, seier han.
Det vil vere ein miljøgevinst i å kunne produsere store deler av emballasjen nærast muleg fabrikken
Publisert: 27.05.2015 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44