Nytt
Milliardoppdrag i vente
Norske reiarar og verft har søkt Eksportkreditt om 6,6 milliardar kroner til finansiering av skip som skal byggast på norske verft.
25.06.2018
I alt er det snakk om 19 søknadar, med fiskebåtar og brønnbåtar som den største gruppa, i følgje Olav Einar Rygg, ansvarleg for utlån til "Ocean Industries" i Eksportkreditt.
Fredag vedtok Stortinget den nye skipsfinansieringsordninga som skal stimulere til meir bygging ved norske verft.
Etter langvarig lobby-arbeid fekk verftsindustrien i fjor gjennomslag for at GIEK og Eksportkreditt utvidar tilbodet til norske reiarar som vil bygge i Noreg.
Det har tatt tid å få alle naudsynte vedtak på plass, men med Stortingsvedtaket fredag er alle formalitetar unnagjort.
Reiarane fekk alt før jul i fjor melding om at dei kunne levere inn søknadar om å bli med på ordninga, og ikkje behøvde å vente på at endringa blei gjort gjeldande før søknadane blei behandla.
Han seier Eksportkreditt i år har besøkt bankar langs heile kysten for å informere om korleis den nye finansieringsordninga kan samaordnas med bankfinansiering.
Fredag vedtok Stortinget den nye skipsfinansieringsordninga som skal stimulere til meir bygging ved norske verft.
Etter langvarig lobby-arbeid fekk verftsindustrien i fjor gjennomslag for at GIEK og Eksportkreditt utvidar tilbodet til norske reiarar som vil bygge i Noreg.
Det har tatt tid å få alle naudsynte vedtak på plass, men med Stortingsvedtaket fredag er alle formalitetar unnagjort.
19
søk
nadar
Regelendringa for kva Eksportkreditt og Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) kan vere med og finansiere gjeld no også ferjer, fiskebåtar, transportskip for innanlands frakt, hurtigbåtar og brønnbåtar som norske reiarar byggjer på norske verft og for bruk i norske farvatn.Reiarane fekk alt før jul i fjor melding om at dei kunne levere inn søknadar om å bli med på ordninga, og ikkje behøvde å vente på at endringa blei gjort gjeldande før søknadane blei behandla.
Klart i haust
Rygg reknar med at det i løpet av hausten blir klart kor mange søknadar som konkretiserere seg i oppdrag for verfta.Han seier Eksportkreditt i år har besøkt bankar langs heile kysten for å informere om korleis den nye finansieringsordninga kan samaordnas med bankfinansiering.
Publisert: 25.06.2018 12:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23