Nytt
Taper på gamle avtalar
Større underskot hos Vard trass fullare ordrebok.
26.07.2018
Vard får meir å gjere, men tek tap på eldre kontrakter og på valutakontrakter.
Vard har to skip som er klassifisert som skip under arbeid og eitt som er klassifisert som ferdig. Forhandlingar om sal av skipa viser at verdien ikkje er som først venta då kontraktane blei inngått, og Vard bokfører difor eit tap på 122 millionar kroner på skipa, i følgje halvårsrapporten frå Vard.
Kven som opphavleg bestilte skipa er ikkje opplyst, men det er kjent at Island Offshore fekk utsett levering av offshoreskip frå Vard då offshorekrisa kom.
Eitt av dei blei nyleg tatt over av Island Offshore etter ombygging til bruk for vindkraftindustrien.
Den andre faktoren som dreg ned resultatet i andre kvartal og første halvår er eit bokført valutatap på 110 millionar, som først og fremst skuldast eit byggelån i dollar til verftet Vard Promar i Brasil.
Ved utløpet av første halvår hadde Vard ei ordrebok på 19,1 milliardar kroner. På same tid i 2017 var ordreboka 13,2 milliardar kroner. Ved utløpet av 2017 var den 12,9 milliardar.
Ordreboka består av 44 skip, 29 av dei med Vard-design.
Hittil i år har Vard offentlegjort kontraktar for 10,1 milliardar kroner.

Publisert: 26.07.2018 21:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24