Tener inn batterisatsing paa ti aar
BATTERI: Øystein Angelsen har stor tru på kombinasjonen batteri og dieselelektrisk til fiskefartøy.
Nytt

Tener inn batterisatsing på ti år

Det tek tid å få økonomisk gevinst å satse på batteri til fiskebåtar, men andre gevinstar slår raskt inn.

09.11.2017
- Eg har vore på sjøen sidan eg var 13 år, og på grunn av all støyen har eg utvikla tinnitus. Den same plagen hadde far min. No håper eg at sonen min skal sleppe å oppleve det same.
Dette seier reiar Øystein Angelsen ved reiarlaget Hans Angelsen og Sønner på Ramberg i Lofoten.

Miljø og trivsel

Reiarlaget byggjer ein hybridbåt med kombinasjonen batteri og dieselelektrisk når den nye 20,99 meter lange og ni meter breie Angelsen Senior skal byggjast.
- Dette gjer vi på grunn av miljøet, men også for å auke trivselen og sikkerheita for dei om bord. I tillegg håper vi å tene pengar på det på litt sikt.
Øystein Angelsen fortalde om prosjektet under ein eigen seksjon som Enova hadde under Verftkonferansen i Ålesund.
Enova har støtta prosjektet med 2,7 millionar kroner.

Tener på høgare oljepris

Meirkostnaden for reiarlaget er 6,2 millionar kroner til framdriftssystem og system for varmegjenvinning.
- Etter ti år er den ekstra kostnaden tent inn i kroner og øre.
- Men no går oljeprisen oppover, og til høgare oljepris, til raskare har vi tent inn investeringa, seier Angelsen.
Båten skal gå på batteri når ein er på feltet og halar inn bruket, når fangsten vert produsert og n¨r båten ligg stille.
Resten av tida går båten med dieselektrisk framdrift.

Store reduksjonar

Om bord er to dieselgeneratorar og to elektromotorar.
- Løysinga gjer at vi får 75 prosent reduksjon i driftstimar på dieselmotorane, medan vi reduserer dieselforbruket med 31 prosent.
- I tillegg vert støyen kraftig redusert.
Målingar viser at kombinasjonen batteridrift og varmegjenvinning av kjølevatn reduserer det årlege CO2-utsleppet med 200 tonn.
Når motorane går, vil batteria også ladast. I tillegg kan ein lade batteri i land.
Nyebåten skal erstatte 15 meter lange Angelsen senior frå 1979, og det er to familiereiarag som no slå seg saman om nyebåten ssom kal vere ferdig i slutten av neste år.
Prosjektet er eit samarbeid med Moen marin og Moen design.

Rask sakshandsaming

Øyvind Angelsen rosar Enova.
- Det gjekk berre to veker frå vi leverte søknaden, til vi fekk positivt svar.
- Eg har grua meg til dei årlege rapporteringane, men det var ingen ting å grue seg for.
Trondheim-baserte Enova er eigd av Olje- og energidepartementet og forvaltar avkastninga av Energifondet.
Midlane skal mellom anna bidra til å redusere klimagassutslepp, auke innovasjon innan energi- og klimateknologi og styrke forsyningstryggleik gjennom fleksibel og effektiv effekt- og energibruk.
Det gjekk berre to veker frå vi leverte søknaden, til vi fekk positivt svar

Publisert: 09.11.2017 13:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15