Analyser
Ny vekst i oppdrett frå 2018
I løpet av to-tre år er norsk oppdrettsnæring i gang med eit nytt stort sprang i produksjonen.
16.08.2015
ANALYSEKva skal oppdrettarane gjere med alle pengane?Litt av overskotet bli i alle fall lagt att i Trondheim komande veke når oppdrettsnæringa møtest på Aqua-Nor-messa i Trondheim for å få kikke på utstyr, pleie og knyte kontaktar og få fagleg påfyll. Messa, som blir arrangert annakvart år, er den store møteplassen for ei næring som dei siste åra har hatt problem med å finne ut kva overskotet skal brukast til.NETT NO er til stades og rapporterer frå messa.Gode resultat i fleire år har gjort bransjen solid og opna for store utbytte.I år ligg oppdrettselskapa an til å selje over 1,2 millionar tonn laks og aure for 40 milliardar kroner, og sitje att med eit driftsresultat på rundt 11,5 milliardar kroner, seier finansanalytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea Markets. Under Aqua-Nor i år arrangerer Nordea sitt tradisjonsrike investor- og bransjeseminar for 20. gang, og Giskeødegård har vore med alle gongane. Han trur på ei relativ stabil inntening og ein produksjonsvekst på to - tre prosent vekst for oppdrettarane dei aller næraste åra. Auka kostnadar, mellom anna fordi importert fôr og fôrråstoff blir dyrare på grunn av valutautviklinga, gjer at oppdrettarane ikkje kan vente auka lønsemd, og kanskje til og med ein liten nedgang i lønsemda.Men det er uansett ei fornem naud, oppdrettarane har samla sett framleis ei lønsemd som dei fleste berre kan drøyme om.Utbytteutbetalingar, slik som til dømes verdas største lakseoppdrettar - Marine Harvest - har prioritert, er mellom anna eit middel til å gjere laksebransjen attraktiv for investorar, men det speglar og at næringa langt på veg har nådd taket for kor stor den kan bli i Noreg.Så lenge styresmaktene meiner lakselus og rømt oppdrettslaks er eit stort problem er det ikkje utsikter til at det bli opna for å ha meir fisk i sjøen.Den gode lønsemda gir grunnlag for investeringar i fornying og vedlikehald av utstyr, noko som mellom anna har gitt plenty med oppdrag til Ulstein Betongindustri.Men dei investeringane som ny vekst i oppdrettsproduksjonen ville utløyst uteblir. Oppdrettarane har dessutan hatt fleire gode år, og det er ikkje noko oppdemt behov for nyinvesteringar i bransjen. Dette kan snart endre seg, trur Giskeødegård.- Det er trur oppdrettar vil begynne å gjere er å investere i større smolt, seier han.Ved å la smolten (lakseyngel som har tilpassa seg livet i saltvatn og er klar til å setjast i sjøen) vekse seg større i smoltanlegga blir tidan den treng fram til slaktevekt i opne lakseanlegg i sjøen redusert. Oppdrettarane får redusert tida laksen trenge i oppdrettsanlegga. Dermed kan dei produsere meir, utan å kome i konflikt med reglane om kor mykje fisk som kan stå i sjøen.Giskeødegård har tidlegare sagt til NETT NO at han trur bransjen vil kaste seg på produksjon av større settefisk straks oppdrettarane trur det er råd å få til.Både Marine Harvest og Vartdalgruppa satsar på større smolt.Les også: Les meir: No seier Giskeødegård han ventar at verknaden av produksjon av større smolt vil ta til å vise seg i 2018.Det betyr at leverandørane av smoltanlegg og utstyr til smoltanlegg må byrje å arbeide med oppdrettselskapa allereie no for å få del i dei oppdraga som må utførast for at Giskeødegård skal få rett i sin spådom.Får han rett har utstyrleverandørane grunn til å gni seg i hendene. Berre det å auke smoltstorleiken til 250 gram (i overkant av ei dobling i høve til dagens standard) før den blir sett ut i sjøen, kan føre til 25 prosent vekst i den norske oppdrettsproduksjonen.Med Marine Harvest som det dominerande oppdrettselskapet på Nordvestlandet har oppdrettsnæringa kome i skuggen av både olje-relaterte selskap og tradisjonelt fiskeri. Det er synd, både fordi oppdrettselskapa i seg sjølve skaper arbeidsplassar og fordi det er lett å oversjå aktivteten hos lokale selskap som leverer varer og tenester oppdrettarane treng.Dessutan er det ein bransje som tener pengar, og som er blitt så stor at den gir Nordvestlandet eit ekstra bein å stå på når oljebransjen krympar. Blir den større blir og ringverknadane større.
Publisert: 16.08.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59