Kort fortalt

Fryktar landbrukstrend kan bli brukt til grønvasking

Å verne om og stadig arbeide for betre jordhelse og biologisk mangfald står sentralt i det stadig meir populære omgrepet «regenerativt landbruk». Men no er den ideelle organisasjonen Økologisk Norge redd omgrepet kan brukast til grønvasking.

NPK
07.11.2023

«Regenerativt landbruk» har opphavet sitt i den økologiske rørsla og er eit omgrep som famnar om prinsippa økologi, helse, rettferd og omsorg, skriv Økologisk Norge i ei pressemelding.

Organisasjonen er positive til at fleire i konvensjonelt jordbruk tek i bruk regenerativ praksis og meiner at dei på den måten forstår kor viktig jordhelse er.

Samtidig finst det ingen juridisk definisjon av «regenerativt landbruk», og heller ikkje ein vitskapleg definisjon som ein einast om. Det opnar opp for at omgrepet kan misbrukast.

No går organisasjonen IFOAM Organics Europe hardt ut og åtvarar mot faren for grønvasking.

– Økologisk Norge stiller oss bak IFOAM og er bekymra for at det går inflasjon i bruken av omgrepet regenerativt landbruk, og at det utan vidare regulering er fritt fram for aktørar å grønvaske eiga verksemd, skriv Økologisk Norge.

Publisert: 07.11.2023 11:55

Sist oppdatert: 07.11.2023 11:55