Kort fortalt

Lønnsamt med badstove i Ålesund

Solid overskot frå nytt tilbod i jugendbyen.

Marius Rosbach
06.03.2024

Svai Sauna som har starta utleige av ei flytande badstove i Ålesund sentrum, leverer eit solid overskot frå drifta.

Av ei omsetning på knappe 1,4 millionar i fjor, satt dei att med eit overskott før skatt på drygt 400.000 kroner. Det gir en solid resultatmargin på nær 30 prosent.

Det første heile driftsåret i 2022 enda med eit endå betre overskot, men det året vart det ikkje teke ut lønn

Badstoveselskapet sysselsette eitt årsverk i fjor. Eigenkapitalen var på ein dryg million kroner og selskapet hadde ikkje langsiktig gjeld, viser årsmeldinga.

Benjamin Knudsen Tvedten, Mathias Knudsen Tvedten og Caroline Aaserud Basberg eig ein tredel kvar av selskapet som ble starta i 2021.

Svai Sauna As
Tal i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
1,4
1,1
Driftsresultat
0,4

0,8

Resultat før skatt
0,4
0,8

Publisert: 06.03.2024 15:56

Sist oppdatert: 06.03.2024 15:56

Mer om