Nytt
112 shetlendarar på Larsnes-dåp
Dei vart flogne inn frå Shetland i to privatfly for å vere med på dåpen av snurparen Zephyr.
24.08.2019
- For folket på Whalsay er dette stort. Ein tiandedel av alle innbyggjarane i fiskarlandsbyen er her på Larsnes i dag.
Det seier skipper Allister Irvine på den nye Larsnes Mek-bygde snurparen.
- Vi har litt oppdrett, resten er fiskeri. Det er dette vi lever av, slik at alle er med og feirar når det kjem ein ny båt.
På plass var også mannskapet på ti, med følgje.
- Alle er frå Whalsay, der alle kjenner alle.
- Vi har berre eitt skift av mannskap, sidan vi normalt brukar berre tre-fire månader på å ta kvotene, seier Irwine.
Nye Zephyr er det femte nybygget bygt i Norge, og det tredje på Larsnes.
- Vi har lenge hatt gode relasjonar til verftet på Larsnes, og vi angrar slett ikkje på at vi kom tilbake denne gongen, seier Irvine.
- Båten er litt forseinka, men vi håper å gå frå Larsnes om tre-fire veker, seier Irvine.
Han seier at fangsten ofte vert levert i Norge.
- Ja, vi leverer blant anna ofte i Måløy og Selje.
Skroget til den Skipsteknisk-designa båten vart bygt ved Marine Projects i Gdansk, medan Larsnes Mek. Verksted har stått for utrustninga.
- Det har vorte ein kjempebåt. Vi er strålande fornøgde, seier Irvine.
Nye Zephyr er det tredje pelagiske nybygget til shetlandske reiararar i år.
Det seier skipper Allister Irvine på den nye Larsnes Mek-bygde snurparen.
Lever av fiskeri
Whalsay er ei øy på austkysten av Shetland. Irvine fortel at i Whalsay er det stort sett berre fiskeri det dreier seg om.- Vi har litt oppdrett, resten er fiskeri. Det er dette vi lever av, slik at alle er med og feirar når det kjem ein ny båt.
På plass var også mannskapet på ti, med følgje.
- Alle er frå Whalsay, der alle kjenner alle.
- Vi har berre eitt skift av mannskap, sidan vi normalt brukar berre tre-fire månader på å ta kvotene, seier Irwine.
Tredje på Larsnes
Det var hans bestefar som kjøpte den første båten til Zephyr Fishing Company for 60 år sidan.Nye Zephyr er det femte nybygget bygt i Norge, og det tredje på Larsnes.
- Vi har lenge hatt gode relasjonar til verftet på Larsnes, og vi angrar slett ikkje på at vi kom tilbake denne gongen, seier Irvine.
Litt forseinka
Når båten kjem i sving skal skal kvoten på 2.300 tonn nordsjøsild takast, før ein går på makrellen.- Båten er litt forseinka, men vi håper å gå frå Larsnes om tre-fire veker, seier Irvine.
Han seier at fangsten ofte vert levert i Norge.
- Ja, vi leverer blant anna ofte i Måløy og Selje.
- Ein kjempebåt
Nye Zephyr er 75,4 meter lang og vel 15 meter brei.Skroget til den Skipsteknisk-designa båten vart bygt ved Marine Projects i Gdansk, medan Larsnes Mek. Verksted har stått for utrustninga.
- Det har vorte ein kjempebåt. Vi er strålande fornøgde, seier Irvine.
Nye Zephyr er det tredje pelagiske nybygget til shetlandske reiararar i år.
For folket på Whalsay er dette stort
Publisert: 24.08.2019 15:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38