Nytt
Auka utlån og små tap
Ørskog Sparebank låner ut meir pengar, men merkar sterk konkurranse om refinansiering av bustadlån og ung-segmentet.
17.08.2018
Dette opplyser banken i rapporten for andre kvartal.
Men utlåna vaks 8,4 prosent samanlikna med andre kvartal i fjor, og er no oppe i 2,6 milliardar kroner, medrekna utlån gjennom Eika Boligkreditt.
Banken veks mest i nabokommunane til Ålesund.
Innskota har auka med 132 millionar kroner siste tolv månader, og er no oppe i 1,8 milliardar kroner.
- Vi er godt tilfreds med resultatet, seier banksjef Eirik Kavli i ei pressemelding.
- Det er tydeleg at samspelet mellom personleg rådgiving og gode digitale tenester blir verdsett av kundane, som seier dei ønsker seg ein enkel og tilgjengeleg lokalbank.
Rentemarginen til banken har svekka seg litt, og var ved utgangen av kvartalet på 21,4 millionar kroner.
Derimot har ikkje banken bokført tap hittil i år.
Bankens kjernekapitaldekning er på 18,99 % og tilfredsstiller dermed alle offentlege minstekrav med god margin.
- Banken har bygd opp ein solid kapitalbase gjennom sin lange historie, og er svært godt posisjonert for å finansiere nye kundar og gode prosjekt, seier Kavli.
Men utlåna vaks 8,4 prosent samanlikna med andre kvartal i fjor, og er no oppe i 2,6 milliardar kroner, medrekna utlån gjennom Eika Boligkreditt.
Veks rundt Ålesund
Banken har auka utlåna til bedriftsmarknaden med 19,5 prosent siste tolv månadene.Banken veks mest i nabokommunane til Ålesund.
Innskota har auka med 132 millionar kroner siste tolv månader, og er no oppe i 1,8 milliardar kroner.
Betra resultat
Resultat før tap og skatt er på 14,2 millionar kroner ved utgangen av andre kvartal. Dette er ein framgang på 2,2 millionar kroner.- Vi er godt tilfreds med resultatet, seier banksjef Eirik Kavli i ei pressemelding.
- Det er tydeleg at samspelet mellom personleg rådgiving og gode digitale tenester blir verdsett av kundane, som seier dei ønsker seg ein enkel og tilgjengeleg lokalbank.
Lavare rentemargin
Han opplyser at banken opplever auka interesse for rådgiving når det kjem til livsforsikring og pensjonssparing, og hjelper stadig fleire kundar med å gjere gode økonomiske val.Rentemarginen til banken har svekka seg litt, og var ved utgangen av kvartalet på 21,4 millionar kroner.
Derimot har ikkje banken bokført tap hittil i år.
God kjernekapitaldekning
Resultat etter skatt og tap er etter andre kvartal oppe i 11,1 millionar kroner, som er ein auke på 2 millionar kroner frå i fjor. Betringa skuldast hovedsakeleg auka forretningsvolum, reduserte IT-kostnader og auka effektivitet.Bankens kjernekapitaldekning er på 18,99 % og tilfredsstiller dermed alle offentlege minstekrav med god margin.
- Banken har bygd opp ein solid kapitalbase gjennom sin lange historie, og er svært godt posisjonert for å finansiere nye kundar og gode prosjekt, seier Kavli.
Publisert: 17.08.2018 08:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25