Purus
CANADA: Hexagon Purus-fabrikken i Kelowna, Canada. Foto: Hexagon Purus
Nytt

Børsdagen: Opna ny fabrikk i Canada

Hexagon Purus og Roger Halsebakk-kontrollerte Ronja Capital II i fokus.

19.04.2023

Hexagon Purus annonserte onsdag opninga av sin nye fabrikk i Kelowna, Canada. Fabrikken skal ha rundt 150 tilsette og produsere batteri og lagringssystem for hydrogen, spesielt tilpassa tunge køyretøy.

I januar i år opna selskapet ein tilsvarande fabrikk i Maryland i USA.

Selskapet melder om stadig større interesse for å satse på nullutsleppskøyretøy som ein lekk i kampen mot klimaendringar.

Hexagon Purus-aksjen steig 0,21 prosent onsdag.

Ronja Capital II under 5 prosent
Salmon Evolution lukkast å hente inn 525 millionar kroner i ein privat bookbuilding-prosess, der aksjekursen vart sett til 7,70 kroner.

Pengane skal brukast til å finansiere andre del av utbygginga på Indre Harøy ved Hustadvika, i tillegg til andre selskapsformål.

Ei rekke primærinnsidarar deltok, inkludert Roger Halsebakk-kontrollerte Ronja Capital II. Men dette selskapet lånte samstundes ut 27.393.242 aksjar til DNB Bank, som skal finne kjøparar til aksjane.

Utlånet fører til at Ronja Capital II går frå å eige 7,9 prosent av Salmon Evolution, til å eige 3,2 prosent. Dermed kjem selskapet under flaggegrensa på 5,0 prosent.

Salmon Evolution-aksjen fall 6,34 prosent til 7,80 kroner aksjen. Det vart handla aksjar for 162 millionar kroner.

Eqva-hopp
Av selskapa i nordvest var det Eqva som gjorde det best med eit hopp på 9,32 prosent. Det gav selskapet ein andreplass på dagens vinnarliste, men hoppet kom på lavt volum.

Hovudindeksen fall 0,6 prosent. Ved børsslutt vart eit fat nordsjøolje handla til 82,80 dollar fatet, ned 2,3 prosent.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Eqva 3,4 9,32 %
Endúr 47,4 3,95 %
Havila Kystruten 9,4 3,07 %
Atlantic Sapphire 5,2 0,97 %
Hexagon Composites 31,74 0,51 %
Norva24 Group* 29,25 0,34 %
Statt Torsk 0,94 0,21 %
Hexagon Purus 23,75 0,21 %
Arctic Bioscience 10,8 0,00 %
Hofseth Biocare 3,48 0,00 %
Hav Group 11,05 0,00 %
Sparebanken Møre 77,5 -0,64 %
Havila Shipping 14,82 -0,80 %
Nortel 28,2 -2,76 %
Golden Energy Offshore Services 1,088 -4,65 %
Salmon Evolution 7,8 -6,34 %
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen

Publisert: 19.04.2023 16:50

Sist oppdatert: 19.04.2023 16:53