Oslo Børs Foto Marius Rosbach 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Comeback for offshoreaksje

Havila Shipping børsvinnar etter tung start på veka.

Marius Rosbach
29.11.2023

Havila Shipping-aksjen krabba litt oppover att, etter to dagar på rad med verdifall.

Onsdag steig aksjen nær 16 prosent til 5,90 kroner, som var største auke for dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet.

Børsverdien til reiarlaget frå Herøy er likevel berre så vidt over 140 millionar kroner. Nivået er det lågaste sidan våren 2022.

Også Arctic Bioscience hadde ein god dag av selskapa frå regionen. Kursen steig til 10 kroner aksjen.

Onsdag blei ein ny dag der pilane peika nedover for hovudindeksen på Oslo børs. På slutten av dagen var indeksen ned 0,52 prosent, som dermed var nede på 1293,15 poeng.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havila Shipping kr 5,90 15,91 %
Arctic Bioscience kr 10,00 7,53 %
Hav Group kr 9,06 2,72 %
Hexagon Purus kr 9,20 2,00 %
Sparebanken Møre kr 76,40 1,19 %
Hexagon Composites kr 25,12 1,05 %
Endúr kr 39,90 0,25 %
Havila Kystruten kr 0,89 0,00 %
Atlantic Sapphire kr 1,20 -0,33 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,21 -0,98 %
Salmon Evolution kr 6,15 -1,76 %
Norva 24 Group* 22,30 kr -1,98 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,86 -2,72 %
Hofseth Biocare kr 2,74 -2,84 %
Statt Torsk kr 0,82 -3,76 %
* Kurs i SEK

Publisert: 29.11.2023 17:06

Sist oppdatert: 29.11.2023 17:07

Mer om