Nytt
Børsdagen: God vår for Salmon Evolution
Høgaste aksjekurs sidan april i fjor.
29.05.2024
AKsjekursen til landbaserte oppdrettselskapet Salmon Evolution steig 2,28 prosent i dag, til 8,07 kroner aksjen.
Det verdset selskapet til 2,3 milliardar kroner og er den høgaste aksjekursen sidan 17. april i fjor.
Salmon Evolution har vore på stigande kurs sidan 11. mars i år, då aksjen vart handla til 6,05 kroner.
Selskapet driv landbasert oppdrett i Indre Harøy i Romsdal.
Det neste investorane i selskapet har i vente er ei avgjerd om selskapet skal sette i gang bygging av andre byggesteg. Tomta er klar, vegg i vegg med dagens anlegg og selskapet har varsla at ei avgjerd om byggestart skal takast i 2. kvartal i år.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Arctic Bioscience | 10,00 | 3,63 % |
Salmon Evolution | 8,07 | 2,28 % |
Havila Shipping | 5,42 | 2,26 % |
Atlantic Sapphire | 1,23 | 2,16 % |
Golden Energy Offshore Services | 35,50 | 1,40 % |
Hav Group | 11,60 | 0,43 % |
Endúr | 51,90 | 0,39 % |
Norva 24 Group* | 28,95 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | 84,21 | -0,40 % |
Hofseth Biocare | 2,09 | -0,48 % |
Havila Kystruten | 1,02 | -2,48 % |
Hexagon Composites | 26,05 | -2,98 % |
Romsdal Sparebank | 106,2 | -3,80 % |
Hexagon Purus | kr 8,12 | -8,14 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 29.05.2024 16:53
Sist oppdatert: 29.05.2024 16:56