Trond Lars Nydal Sparebanken Møre foto Ogne
PÅ STIGANDE KURS: Sparebanken Møre-sjef Trond Lars Nydal. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Opptur for Sparebanken Møre

Sidan 24. november i fjor har kursen for eignekapitalbevisa i Sparebanken Møre stige over 22 prosent.

18.03.2024

I førre veke passerte kursen i Sparebanken Møre 90 kroner for første gang sidan april 2022. I dag steig kursen 0,11 prosent samanlikna med fredag ettermiddag i førre veke, til 90 kroner.

Frå mars 2009 til 27 januar 2022 vart eigenkapitalbevisa i Sparebanken Møre nesten fire gangar meir verdt. Undervegs hadde kursen tre store nedturar, men botna kva gang ut og snudde oppover på eit høgare nivå enn ved førre nedtur.

Toppen vart nådd med 97,2 kroner per eigenkapitalbevis 27. januar 2022. Fasit då 2022 var omme var ein svak negativ kursutvikling, akkurat som i fjor.

Både i 2022 og 2023 nådde Sparebanken Møre-kursen årstoppen tidleg på året, No gjenstår det å sjå om det skjer også i år, eller om oppgangen vil halde fram.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Shipping 3,79 5,28 %
Havila Kystruten 0,71 2,90 %
Endúr 41,20 2,23 %
Hexagon Purus 5,95 1,88 %
Hav Group 9,78 1,24 %
Sparebanken Møre 90,00 0,11 %
Romsdal Sparebank 115,00 0,00 %
Golden Energy Offshore Services 1,59 -0,25 %
Norva 24 Group* 25,20 -0,59 %
Hexagon Composites 19,10 -0,83 %
Arctic Bioscience 9,08 -1,30 %
Salmon Evolution 6,44 -2,28 %
Hofseth Biocare 2,29 -3,78 %
Atlantic Sapphire 0,83 -5,14 %
* Kurs i SEK

Publisert: 18.03.2024 16:52

Sist oppdatert: 18.03.2024 17:00