Emblemsvaag ute av Rolls Royce
Nytt

Emblemsvåg ute av Rolls-Royce

Jan Emblemsvåg har slutta i Rolls-Royce Marine.

02.02.2017
Emblemsvåg kom til Rolls-Royce i høsten 2014, frå stillinga som leiar i Kongsberg Evotec.
I Rolls-Royce Marine har han vore sjef for Ship Design and Systems, mellom anna med ansvar for utvikling av nye skipsdesign i Rolls-Royce Marine.

Konsulent

Frå oktober 2016 har han arbeidd full tid i sitt eige selskap, Emblemsvåg Management Consultant, eit selskap han tidlegare blant har brukt til å ta oppdrag som konferanseleiar og foredragsholdar gjennom.
Emblemsvåg er og tilsett i ei professor II-stilling ved NTNU i Ålesund, ei stilling han har hatt i snart sju år.
I Rolls-Royce Marine rapporterte han til Helge Gjerde, som også har slutta i selskapet.

Standardisering

Emblemsvåg har tidlegare markert seg i debatten om framtida for norsk skipsbygging. Han etterlyste meir standardisering, og viste til at bilindustrien har eit uttal modellar å tilby, trass i at bransjen er gjennomstandardisert.

Han har og gitt ut fleire bøker.

Publisert: 02.02.2017 15:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05