Nytt
Fornya satsing på Bacalaofabrikken
Etter å ha tapt tre millionar kroner siste fire åra, vert det på nytt satsa på Bacalaofabrikken i Barstadvika.
11.07.2019
- Ja, vi meiner sjølve at vi har den aller beste bacalaoen.
- Her er det handlaga bacalao, og hos oss slepp ein å leite lenge for å finne fiskebitane.
2018 år vart eit nytt svakt år for Bacalaofabrikken. Omsetninga stoppa på 4,3 millionar kroner, og resultatet før skatt enda på minus ein million kroner.
Etter eit godt år i 2014, har selskapet gått med tre millionar kroner i minus sidan 2015.
No var eigenkapitalen tapt, men Jan Endre og Sindre Vartdal har tilført friske midlar.
- Det er snakk om konvertible lån som kan omgjerast til eigenkapital, seier Vartdal.
- Vi har kome inn med fleire kjeder.
- Slik det ser ut til hittil, vil vi gå med pluss i år.
Han opplyser at det no er fem tilsette i selskapet.
- Produksjonen går for fullt.
Fisken vert i stopr grad kjøpt inn frå Averøya.
- Vi satsar på kvalitet i alle ledd, og reknar med å få att for denne satsinga over tid, seier Vartdal.
Selskapet hadde ved årsskiftet ei langsiktig gjeld på 3,7 millionar kroner.
- Her er det handlaga bacalao, og hos oss slepp ein å leite lenge for å finne fiskebitane.
Friske midlar
Det seier Jan Endre Vartdal, som saman med broren Sindre Vartdal eig Ørsta-selskapet.2018 år vart eit nytt svakt år for Bacalaofabrikken. Omsetninga stoppa på 4,3 millionar kroner, og resultatet før skatt enda på minus ein million kroner.
Etter eit godt år i 2014, har selskapet gått med tre millionar kroner i minus sidan 2015.
No var eigenkapitalen tapt, men Jan Endre og Sindre Vartdal har tilført friske midlar.
- Det er snakk om konvertible lån som kan omgjerast til eigenkapital, seier Vartdal.
Nye avtalar
Han opplyser at situasjonen i år er langt lysare enn i fjor.- Vi har kome inn med fleire kjeder.
- Slik det ser ut til hittil, vil vi gå med pluss i år.
Han opplyser at det no er fem tilsette i selskapet.
- Produksjonen går for fullt.
Fisk frå Averøya
Selskapet har blant anna den gryteklare merkevara Bacalao de Pedro. I tillegg har ein utvikla ferdig utvatna klippfisk for kjøledisken.Fisken vert i stopr grad kjøpt inn frå Averøya.
- Vi satsar på kvalitet i alle ledd, og reknar med å få att for denne satsinga over tid, seier Vartdal.
Selskapet hadde ved årsskiftet ei langsiktig gjeld på 3,7 millionar kroner.
Hos oss slepp ein å leite lenge for å finne fiskebitane
Publisert: 11.07.2019 05:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36