Sunny lady første
NYBYGG: Sunny Lady har starta på seglasen frå Tyrkia til Herøy. Foto: Teige Gruppen
Nytt

Framme i Herøy om 12 dagar

Herøy-båten Sunny Lady har segla frå Cemre skipsverft i Tyrkia. Reiar Sigurd Teige er strålande fornøgd med nybygget.

28.10.2022

- Ja, eg er skikkeleg imponert over arbeidet som er gjort ved Cemre. På enkelte område er dei heilt på linje med norske skipsverft, om ikkje føre.

Prislappen er truleg på vel 350 millionar kroner for ringnotsnurparen/trålaren, som er designa av Salt Ship Design.

Sjå kvar Sunny Lady er no (AIS-sporing) (ekstern lenke)

Den 86,5 meter lange båten er bygt over same lest som nye Libas til Liegruppen, med ei rekke energieffektiviserande løysingar. Om bord er det blant anna dual fuel-maskiner, ein batteripakke og ein 350 kubikkmeter stor LNG-tank.

Sunny lady flagg
CEMRE: Reiar Sigurd Teige heiser det norske flagget, og formelt tek over Sunny Lady. Foto: Cemre

LNG-prisen på veg ned
Sigurd Teige seier at det ikkje vert gått på LNG på turen nordover.

- Det er i utgangspunktet ikkje lønsamt, men dette kan fort endre seg. LNG-prisane er på full fart nedover, og det er mogleg vi stoppar undervegs og fyller opp med LNG.

Om bord på turen frå Yalova ved Istanbul er det med åtte-ni mann. Når båten kjem i drift, skal ein ha to mannskap på ti.

Ventar med dåp
Sigurd Teige seier at det ikkje vert dåp og feiring før etter nyttår.

- Først skal vi få om bord fiskeutstyret og teste dette skikkeleg. Deretter håper vi at vi får tatt litt av kvoten av NVG-sild.

Han seier at det er godt å sjå båten vel av garde mot Herøy.

- Dette har vore ein lang seglas, som har pågått over fire år. No er vi endeleg snart i mål.

Sunny lady prosjekt
PROSJEKT: Sigurd Teige og teknisk prosjektsjef Ole Kristensen saman med verftsleiing og prosjektorganisasjon. Foto: Cemre

Båten er ein del av Teige Gruppen, som frå før har Sjøbris.

Sigurd Teige seier at det snart vert tatt ei avgjersle kva som vil skje med denne båten.

C69e5de8 1
PÅ HEIMVEG: Maskinsjef Espen Gulbrandsen og kaptein Odd-Arve Jensen er klar for å ta Sunny Lady heim til Herøy. Foto: Teige Gruppen

Publisert: 28.10.2022 12:49

Sist oppdatert: 04.11.2022 10:35

Mer om