Nytt
Frå rådmann til Kystverket
Rådmann Einar Vik Arset i Ulstein blir ny sjef for Kystdirektoratet.
19.10.2018
- Når vi no tilset Arset får vi ein dyktig leiar med gode føresetnader for å utvikle Kystverket vidare som transportetat med ansvar for sjøtransport og sjøsikkerheit, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.
Arset er 42 år gammel og kjem fra stillinga som rådmann i Ulstein kommune. Han er utdanna cand.merc. frå Norges Handelshøyskole med spesialisering i strategi, organisasjon og leiing.
Arset tek over etter Kirsti Slotsvik, som tidlegare i år tok til som direktør for Jernbanedirektoratet.

Publisert: 19.10.2018 12:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27