Faar mindre del i oljeoppturen
GODE TIDER: Næringslivet i Sogn og Fjordane gjer det bra seier administerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane, men relativt liten andel oljerelatert næringsliv gjer at banken ikkje får den same utlånsveksten til næringlivet som Sparebanken Møre har hatt siste 12 månadane.
Nytt

Får mindre del i oljeoppturen

Veksten i utlån til bedriftsmarknaden minkar i Sparebanken Sogn og Fjordane.

26.04.2018
Den siste 12-månadersperioden auka utlåna til næringslivet frå Sparebanken Sogn og Fjordane med 2,3 prosent samanlikna med førre 12-månadersperiode.
Det viser kvartalsrapporten for første kvartal 2018.
Til samanlikning auka utlåna til næringslivet frå Sparebanken Møre med 11,8 prosent dei siste 12 månadane.

Speglar næringsstrukturen

Administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane er ikke uroa over utviklinga i næringslivet i Sogn og Fjordane, trass fallande veksttakt i utlån til næringslivet.

- Næringslivet går godt og har stått seg godt gjennom nedturen i oljesektoren. Vi har lågaste arbeidsløyse i landet, det går veldig bra og bedriften driv lønsamt, seier Teigene.
Den ulike utviklinga i utlån til næringslivet for dei to bankane speglar den ulike næringsstrukturen i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det er relativt færre bedrifter og arbeidsplassar knytt til oljebransjen i Sogn og Fjordane enn i nabofylka i nord og sør. Det reduserer konsekvensane av oljeprisfall, men gir og mindre vekst når oljeprisen stig og utløyser nye investeringar.

15 prosent fisk

Utlån til fiskerinæringa utgjer rundt 15 prosent av dei samla utlåna til Sparebanken Sogn og Fjordane.
Teigene seier eitt eller fleire større engasjement, mellom anna innan fiskeri, gir merkbare utslag i veksten i utlån til næringslivet. Det gjer at utlånsutviklinga til banken kan endre seg mykje på kort tid.
Næringslivet går godt og har stått seg godt gjennom nedturen i oljesektoren. Vi har lågaste arbeidsløyse i landet, det går veldig bra og bedriften driv lønsamt

Publisert: 26.04.2018 11:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21