Nytt
Får to våpen mot lakselusa
Volt Service har utrusta sin nye arbeidsbåt for oppdrettsnæringa med eit avlusingsanlegg som tek livet av lusa på to måtar.
24.05.2018
Dei tre første versjonane av Optimar sitt avlusingsanlegg Optilizer brukar lunka vatn for å ta livet av lusa.
Anlegget som er montert ombord i "Volt Processor" er fjerde versjon av avlusingsanlegget og kan veksle mellom å bruke lunka og kaldt vatn.
Det er temperaturskilnaden som er poenget. Behandling med kaldt vatn skal brukast når det er varmt i sjøen. Då gir temperaturskilnaden lusa eit sjokk og den stryk med.
Hennar konklusjon då NETT NO snakka med ho i fjor, er at kampen mot lakselus må førast med fleire metodar samstundes nettopp for å begrense utviklinga av resistens.
Skipet er spesialbygd for avlusingsoperasjonar, men kan også brukast til mellom anna kabellegging takka vere kraner og utstyret for dynamisk posisjonering som er montert.
Alt vatn som blir pumpa ombord blir rensa før det blir tømt ut att i sjøen. All lakselus som fell av laksen, død eller levande, blir også fanga opp på fartyet.
Anlegget som er montert ombord i "Volt Processor" er fjerde versjon av avlusingsanlegget og kan veksle mellom å bruke lunka og kaldt vatn.
Det er temperaturskilnaden som er poenget. Behandling med kaldt vatn skal brukast når det er varmt i sjøen. Då gir temperaturskilnaden lusa eit sjokk og den stryk med.
Treng mange metodar
Forskar Helen B. Fjørtoft har forska på luseresistens, mellom for å kartlegge om lakselus kan bli motstandsdyktig også mot behandling i varmt vatn.Hennar konklusjon då NETT NO snakka med ho i fjor, er at kampen mot lakselus må førast med fleire metodar samstundes nettopp for å begrense utviklinga av resistens.
Rensar alt
"Volt Processar blei døypt av mannskapssjef Nina Remøy Pettersen i Remøy Management i dag og er det første av fleire båtar selskapet Volt Service skal byggje retta mot oppdrettsmarknaden. Skipet er bygd av Damen Shipyards i Nederland.Skipet er spesialbygd for avlusingsoperasjonar, men kan også brukast til mellom anna kabellegging takka vere kraner og utstyret for dynamisk posisjonering som er montert.
Alt vatn som blir pumpa ombord blir rensa før det blir tømt ut att i sjøen. All lakselus som fell av laksen, død eller levande, blir også fanga opp på fartyet.
Publisert: 24.05.2018 15:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22