Nytt
Havila Troll utleigd i sju år
Leiger ut til Statoil.
13.02.2017
Kontrakten er for sju år med sjanse til forlenging i ytterlegare fem år, i følgje ei pressemelding.
Kva Statoil skal betale for å leige skipet er ikkje opplyst.
- I slike tider som vi har no er dette ei kontrakt vi er fornøgde med, seier administrerande direktør Njål Sævik i pressemeldinga.
Havila Troll er bygd som standbyskip og utrusta for søke og redningsoperasjonar. Det har vore utleigd sidan det vart levert frå verftet for 14 år sidan, først til Hydro og så til Statoil etter at Hydro og Statoil gjekk saman.

Ut av opplag
I slutten av januar tok Havila Shipping subseaskipet Havila Subsea ut av opplag og leigde det ut til på ei treårskontrakt til Reach Subsea ASA. Reach Subsea er eit Haugsundselskap som har spesialisert seg på undervasstenester. Etter treårs-kontrakten ha Reach Subsea opsjon på å leige skipet ytterlegare eitt år.Publisert: 13.02.2017 09:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06