Nytt
Hydrogensatsing på vent
Batteriutviklinga går så raskt at ferjeselskapet på Geirangerfjorden vil vente med å avgjere om det er rett å satse på hydrogendrift på Geirangerfjorden.
11.01.2018
Småkraftverka i Hellesyltområdet har vanskar med å få seld all krafta dei kan produsere. Kraftlinekapasiteten ut av området er for liten til å frakte all krafta ut av området. Dermed må kraftverkeigarane la vatn berre renne forbi turbinane
Det var utgangspunktet for planen om å ta straumen i bruk for å produsere hydrogen, som i sin tur kunne bli miljøvenleg drivstoff for farty på Geirangerfjorden.
Då rapporten som vurderte om hydrogensatsinga kan gjennomførast kom i fjor haust var konklusjonen at hydrogen-prosjektet er fullt gjennomførbart. Men aktørane vil ikkje sette i gang før dei har ein kunde som kan kjøpe hydrogenet som blir produsert, i følgje næringssjef Inge Bjørdal i Stranda kommune.
Når den potensielt første kunden set seg på gjerdet, gjer kraftverkeigarane det og i følgje Bjørdal.
Han seier at kraftverkeigarane også kan få nytte av ei batteridrift på fjorden, fordi dei då kan levere straum til batteridrivne skip.
Det var utgangspunktet for planen om å ta straumen i bruk for å produsere hydrogen, som i sin tur kunne bli miljøvenleg drivstoff for farty på Geirangerfjorden.
Kan gjennomførast
Då arbeidet med hydrogen-satsing starta var meldinga frå ferjeselskapet Fjord 1 sitt dotterselskap Fjords - som driv ferja på fjorden - at strekninga Hellesylt-Geiranger var så lang at batteridrift ikkje var aktuell.Då rapporten som vurderte om hydrogensatsinga kan gjennomførast kom i fjor haust var konklusjonen at hydrogen-prosjektet er fullt gjennomførbart. Men aktørane vil ikkje sette i gang før dei har ein kunde som kan kjøpe hydrogenet som blir produsert, i følgje næringssjef Inge Bjørdal i Stranda kommune.
Vi vente å sjå
På oppsummeringsmøtet i fjor haust var tilbakemeldinga frå Fjords og eigaren Fjord 1, at dei ville vente og sjå mellom anna fordi batteriteknologien har utvikla seg slik at Geiranger-Hellesylt på batteri kan vere innanfor rekkevidde.Når den potensielt første kunden set seg på gjerdet, gjer kraftverkeigarane det og i følgje Bjørdal.
Han seier at kraftverkeigarane også kan få nytte av ei batteridrift på fjorden, fordi dei då kan levere straum til batteridrivne skip.
Publisert: 11.01.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17