Nytt
Håpar på hydrogenstart neste sommar
Neste år håpar Rolf Fiskerstrand på byggestart for ombygging av ei dieselferje til hydrogenferje.
21.05.2018
Statens vegvesen lanserte førre veke sitt eige prosjekt for å få utvikla ei ferje som kan gå på hydrogen. Tre ferjereiarlag konkurrerer om å få utvikla ferja, som skal gå i trafikk i Ryfylke. Det stoppar ikkje hydrogensatsinga til Fiskerstrand Holding. Rolf Fiskerstrand trur tvert i mot det kan gi ekstra drahjelp.
- Det (Staten vegvesen sitt prosjekt, red. merk) kjem seinare enn vårt. Får vi til vårt prosjekt og kan bekrefte at det funkar så er det positivt inn mot prosjektet i Rogaland, seier Fiskerstrand
- Vi er godt i gang med det tekniske arbeider og neste år bør det vere mogleg å starte ombygginga, seier Fiskerstrand.
Fiskerstrand Holding har eit rekkje partnarar i utviklingsprosjektet, mellom dei Sjøfartsdirektoratet, Direktoratat for samfunnssikkerhet og beredskap, Dnv GL og NEL og Hexagon Composites. NEL lagar mellom anna anlegg for hydrogenproduksjon og fyllestasjonar for hydrogendrivne køyrety og Hexagon Composites - med hovudkontor i Ålesund - lagar mellom anna drivstofftankar for hydrogen.
Fiskerstrand Holding var ei av fem bedrifter som i 2016 delte på til saman 70 millionar kroner i støtte til utvikling av meir miljøvennleg skipsfart. Det er Enova, Innovasjon Noreg og Forskningsrådet som har gått saman om satsinga, som har fått namnet Pilot-E.
Fiskerstrand Holding fekk støtte for å finansiere utvikling av den hydrogendrivne ferjar.
- Det (Staten vegvesen sitt prosjekt, red. merk) kjem seinare enn vårt. Får vi til vårt prosjekt og kan bekrefte at det funkar så er det positivt inn mot prosjektet i Rogaland, seier Fiskerstrand
Ombygging
Fiskerstrand Holding, eigarselskapet til Fiskerstrand Verft, står i spissen for ei hydrogensatsing der ei ferje skal byggast om for å bruke hydrogen som drivstoff.- Vi er godt i gang med det tekniske arbeider og neste år bør det vere mogleg å starte ombygginga, seier Fiskerstrand.
Fiskerstrand Holding har eit rekkje partnarar i utviklingsprosjektet, mellom dei Sjøfartsdirektoratet, Direktoratat for samfunnssikkerhet og beredskap, Dnv GL og NEL og Hexagon Composites. NEL lagar mellom anna anlegg for hydrogenproduksjon og fyllestasjonar for hydrogendrivne køyrety og Hexagon Composites - med hovudkontor i Ålesund - lagar mellom anna drivstofftankar for hydrogen.
Pilot E-prosjekt
Planen er å teste ferja i eit ferjesamband i løpet av 2020.Fiskerstrand Holding var ei av fem bedrifter som i 2016 delte på til saman 70 millionar kroner i støtte til utvikling av meir miljøvennleg skipsfart. Det er Enova, Innovasjon Noreg og Forskningsrådet som har gått saman om satsinga, som har fått namnet Pilot-E.
Fiskerstrand Holding fekk støtte for å finansiere utvikling av den hydrogendrivne ferjar.
Publisert: 21.05.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22