Konkurranse med gamle kjente
NY FABRIKK?: Nergård-konsernet, med storeierne Arne Stang og Bjarte Tunold i ryggen, vurderer konsumanlegg for sild og makrell på denne tomta ved Måløy. I bakgrunnen Nergård-konsernet sin fiskemjøl- og fiskeoljefabrikk, som skal settast i produksjon rundt årsskiftet. 
Nytt

Konkurranse med gamle kjente

Pelagia kan få tidlegare medeigar som tøff konkurrrentar i Måløy. Les kven som vurderer millioninvesteringar i bransjen.

10.02.2015
På Trollebø i Måløy har fiskeindustrigiganten Pelagia anlegg for mottak av sild og makrell til menneskemat, saman med fiskeolje- og fiskemjølfabrikk. Selskapet satsar tungt i Måløy, og har både overteket det tidlegare kvitfiskanlegget til Domstein og bygd nytt stort fryselager.
Rett i nabolaget er Nergård Pelagic i ferd med å investere eit tresifra millionbeløp i bygge opp ein fiskemjøl- og fiskeoljefabrikken i tidlegare Ulvesund Fôrmelfabrikk. Målet er å ha anlegget klart rundt årskiftet 2015/2016, i følgje administrerande direktør Tommy Torvanger i Nergård-konsernet.

Comeback for Stang

I Nergårdkonsernet er Arne Stang, tidlegare medeigar i fiskeolje- og fiskemjølselskapet Welcon i Måløy, stor aksjonær.
Welcon er for lengst slukt av Pelagia, men gjennom Nergårdkonsernet si satsing, er Arne Stang i ferd med å gjere comeback i bransjen.

Enorm fordel

Nergård-konsernet eig ikkje berre gamle Ulvesund Fôrmelfabrikk, men og ei stor, planert tomt som ligg vegg i vegg. Her kan det kome ein anlegg for mottak av sild og makrell til konsum, i følgje Torvanger.
I så fall er det snakk om ei ny tresifra millioninvestering. Torvanger understrekar at det ikkje er teke noko standpunkt til ei utbygging, og heller ikkje sett ein frist for når saka skal avgjerast.
Men kombinasjonen fiskemjøl/-oljefabrikk og konsumanlegg gir ein stor gevinst.
- Det å ha eit konsumanlegg i umiddelbar nærleik til fiskemjøl- og fiskeoljeanlegg er ein enorm fordel, seier han.

Del av Pelagia

Det som i dag er Pelagia omfatter mellom andre fiskeolje- og fiskemjølselskapet Welcon i Måløy, som tidlegare var eigd av Arne Stang.
Han selde seg ut til børsnoterte Austevoll Seafood, som tok med seg Welcon inn i Pelagia, der Austevoll Seafood eig halvparten av aksjane og investeringsselskapet Kvefi resten.

Saman med tidlegare Pan Fish-topp og medeigar i Norsk Sjømat på Stranda, Bjarte Tunold, er Stang no storeigar av fiskerikonsernet Nergård i Tromsø. Dei overtok kontrollen i selskapet i 2010.

Retur til Måløy

Tommy Torvanger seier Nergård-konsernet vil ha ein fiskemjøl- og fiskeoljefabrikk for å ta hand om restråstoff frå konsernet sine anlegg på Værøy og Senja.
Grunnen til at fiskeolje- og fiskemjølfabrikken blir plassert i Måløy er at selskapet også ønskjer å få ta i industrifisk som kolmule og tobis (fisk som går rett til oppmaling, og ikkje blir brukt som menneskeføde, red. merk.) i tillegg til å bearbeide råstoff frå eigne anlegg. Det hadde ikkje gått med eit anlegg i Nord-Noreg, difor satsar konsernet på Måløy, i følgje Torvanger.

Samle kreftene

Pelagia omfattar både Welcon og Norway Pelagic, og er det største industriselskapet som tek i mot sild, makrell og andre fiskeslag. Drivkrafta bak etableringa av både Norway Pelagic og Pelagia var trua på at industrien måtte samle produksjonen på færre anlegg for å reduserer overkapasiteten og få opp lønsemda.
For å få til det meinte initiativtakarane at det var naudsynt å samle store deler av industrien i eitt selskap, med hand om nok anlegg til å kunne legge ned og omorganiserer fabrikkstrukturen for å få lønsemda opp.

Fiskarfrykt

Austevoll Seafood og investeringsselskapet Kvefi fekk i januar 2014 klarsignal frå konkurransestyresmaktene til å slå saman alle sine pelagiske industribedrifter.
Norway Pelagic, Welcon og Egersund Fisk blei samla i eitt selskap, Pelagia as.
- Det som er viktig for flåten er at vi har ein auksjon som fungerer. Frykta er at ein konsentrasjon på industrisida vil medføre at auksjonen ikkje fungere så godt som den burde gjere, sa administrerende direktør Audun Maråk i bransje- og arbeidsgiverorganisasjonen Fiskebåt då fusjonen blei godkjent. Fiskebåt organiserer eigarane av den havgående fiskeflåten.
Måråk sa fiskarane er redde for at det nye selskapet skal vere mer opptatt av å presse prisar til fiskerane enn å drive marknadsarbeid. Dersom fiskarne opplever at etableringa av Pelagia fører til til prispress og redusert lønsemd trur Maråk fiskerne fort vil ta fram planer om å etablere konkurrerande industri.


Det å ha eit konsumanlegg i umiddelbar nærleik til fiskemjøl- og fiskeoljeanlegg er ein enorm fordel

Publisert: 10.02.2015 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41