Kva var vitsen
STATLEG SATSING: Dette er ikkje på Vestlandet, men eit oppdrettsanlegg ved øya Chiloé i Chile, der den norske staten har vore ein stor aktør i oppdrettsnæringa.
Nytt

Kva var vitsen?

Kva hadde staten i oppdrettsnæringa å gjere?

26.10.2014
Gjennom Cermaq skulle staten sikre norsk eigarskap, norske forskingsmiljø og norsk hovudkontor i oppdrettsnæringa.
No er alt seld til utlandet. Av staten. Kva som var vitsen med heile greia er ikkje lett å få auge på.

Forløparen til Cermaq var Statens Kornforretning, som har sine røter i mellomkrigstida, då staten monopoliserte kornhandelen.
I 1995 vart monopolet oppheva, mellom anna fordi slike monopol var i strid med internasjonale avtalar som Noreg har forplikta seg til å følge.
I staden for å avvikle selskapet fekk Statkorn lov å leite etter andre ting å drive med. Selskapet sat med nokre aksjepostar i fiskefôrproduksjon, og kasta augene sine på oppdrettsnæringa.
Bakgrunnen for det heile var sterk frustrasjon blant politikarane over at Norsk Hydro, som den gongen eigde det største oppdrettselskapet i Noreg (med cirka 10 prosent av den samla produksjonen), selde alt saman til nederlandske Nutreco. Truleg var frustrasjonen og blanda med frykt for at det som allereie var ei stor norsk næring skulle styrast frå utlandet.
Med tidlegare finansminister Sigbjørn Johnsen som styreleiar kjøpte Cermaq fiskefôrprodusenten Ewos for 1,8 milliardar kroner i 2000.
Deretter kjøpte selskapet eit av dei største oppdrettselskapa i Chile, og gjekk og inn i oppdrett i Canada og Shetland. Dei siste kjøpa gjorde at eigaren måtte skyte inn meir eigenkapital. Staten, som 80-prosent eigar, skaut inn 1,2 milliardar kroner, etter at eit stortingsfleirtal av Ap, SV, Krf og Sp hadde sagt ja. Motytinga var at selskapet skulle ha norsk hovudkontor og at forsking- og utviklingsarbeidet skulle foregå i Noreg.
Private oppdrettarar klødde seg i hovudet og lurte på kvifor dei skulle få den norske staten som konkurrent og ein viktig aktør i oppdrettsutfordraren Chile.
Etter at planane om å slå saman Cermaq og Fjord Seafood gjekk i vasken tidleg i leiken havarerte langt på veg politikardraumen om eit nytt stort oppdrettselskap i Noreg, med staten som garantist for at selskapet skulle ha ei sterk norsk forankring.
Fjord Seafood blei slukt inn i Marine Harvest, med utanlandsbusette John Fredrikens som storaksjonær og drivande kraft. Cermaq fekk fotfeste i Nord-Noreg, der selskapet har sitt norske oppdrettshovudkontor, men vart aldri noko meir enn ei mellomstor oppdrettsbedrift i Noreg.
I Chile, derimot, var det statseigde selskapet ein stor oppdrettsaktør, og på verdsbasis var Cermaq-eigde Ewos ein av tre dominerande fiskefôrprodusentar.
Fasiten er kjent:
Cermaq selde Ewos for 6,5 milliardar kroner i fjor til dei utanlandske investeringsselskapa Altor og Bain Capital. Salet var slutten på ein prosess som starta med at Marine Harvest ville overta heile Cermaq. Dåverande næringsminister Trond Giske (Ap) sette ned foten, mellom anna fordi han meinte bodet frå Marine Harvest var for lågt.
No er også oppdrettsverksemda seld, til Mitsubishi Corporation i det fiskeelskande Japan, for 5,25 milliardar kroner.
Alt i alt har staten tent godt på å gå inn i oppdrettsnæringa. Men det var ikkje det som var vitsen. Poenget var å hindre at at norsk oppdrett skulle bli styrt frå utlandet, og sikre at viktig forsking og utvikling skulle foregå her i Noreg.
Ironien i det heile er sjølvsagt at det er det statlege selskapet, som fekk jobben med å sikre norsk kontroll og eigarskap, som har seld Cermaq ut.
Det første spørsmålet er om politikarane som gjorde staten til ein stor aktør i oppdrettsnæringa rundt år 2000 hadde grunn til å frykte at oppdrettskompetansen forsvann ut av landet om ikkje staten greip inn.
Det er berre å sjå på Marine Harvest for å byrje å tvile på om Cermaq-tilhengarane hadde rett. Storaksjonæren og fleire andre har adresse i utlandet, og aksjane er fritt omsettlege. Den norske forankringa på eigarsida er i beste fall så som så.
Men hovudkontoret ligg her, selskapet driv forsking og utvikling her, og har til og med bygd opp sin eigen fôrfabrikk i Noreg. For nokre år sidan tok Marine Harvest til og med konsekvensen av at oppdrett er ei kystnæring, og flytta hovudkontoret frå finansmiljøet i Oslo til oppdretts- og fiskerimiljøet i Bergen.
Kva hadde skjedd dersom Statens Kornforretning hadde blitt avvikla i ro og mak, og staten aldri hadde gått inn som eigar i bransjen?
Dei norske oppdrettselskapa som Cermaq kjøpte kunne halde fram med sine tidlegare eigarar, eller blitt kjøpt opp av andre. Med staten som eigar blei det til slutt utlendingar som tok over, med private er det ikkje sikkert det ville blitt utfallet.
Utan Cermaq hadde oppdrettarar i Noreg ikkje fått ein konkurrent i Chile som delvis var finansiert med deira eigne skattepengar.
Ewos kunne fått ein annan eigar, men Noreg hadde allereie fôrproduksjon i landet, og det er vanskeleg å sjå at norsk statleg eigarskap i Ewos har vore avgjerande for vekst og utvikling i norsk oppdrettsnæring.
Kva om staten i staden for å investere i Cermaq hadde brukt pengane på å finansiere forsking knytta til oppdrett? Det ville kome alle til gode, i staden for at pengane blei investert i berre eitt selskap.
Utanlandske eigarar flyttar ikkje ut hovudkontor, forsking og utvikling dersom den beste kompetansen innan oppdrett fins her.
Det er ein grunn til at Rolls-Royce framleis satsar på Nordvestlandet, miljøet og kompetansen som fins her. Slik er det høgst sannsynleg i oppdrett og.
Statens Cermaq-satsing var eit feilsteg, det politikarane bak ville med Cermaq fekk dei ikkje, men den økonomiske gevinsten var i alle fall god.

Publisert: 26.10.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38