Mange i arbeid etter Jobbkafe
JOBBKAFÉ: Frå venstre Stephan Borgund, Kåre Hansen og Britt Paulsen. Borgun startar som deltakar på Jobbkafé og enda opp som prosjektleiar.
Nytt

Mange i arbeid etter Jobbkafé

Gode resultat etter samarbeidsprosjekt mellom Frivilligsentralen i Fosnavåg og NAV Herøy og Vanylven. Deltakar vart prosjektleiar.

11.07.2019
23 personar har deltatt på samarbeidsprosjektet Jobbkafé i regi av dei tre aktørane. Tilbodet starta opp i februar i år, og alt no er godt over halvparten i arbeid eller i jobbrelatert arbeid, vert det opplyst i ei pressemelding.
Ein av dei er Stephan Borgund, som starta som deltakar på Jobbkafè. Etter å ha vore med eit par gongar, fekk han spørsmål frå Kåre Hansen, jobbkonsulent i NAV, om han ville vere med som prosjektleiar for prosjektet.
- I starten nølte eg med å skulle bli prosjektleiar, men eg er glad eg gjorde det. Det har gitt meg mykje, det har utvikla meg som person, og eg vil gjerne vere med på fortsettelsen, seier Borgund i pressemeldinga.

Mange 'sit fast'

Han rettar ein stor takk til bedrifter i Herøy og omegn som har stilt opp på Jobbkafè for å snakke om seg sjølv og sitt arbeid.
- Dei har ikkje nølt når dei har vorte kontakta, og møter opp på godvilje utan nokon form for kompensasjon. Dette fortel oss at arbeidsgivarane er opptekne av samfunnet og menneska her.
- Mange menneske 'sit fast', veit ikkje kva dei vil, og veit heller ikkje kva som finst av arbeidsplassar. Dette bidreg arbeidsgivarane med å endre på når dei informerer om kva dei driv på med. Då losnar ting for mange, og ein ser mulegheitene i lokalsamfunnet vårt, seier han.

Tiltak og engasjement

Britt Paulsen, leiar for Frivilligsentralen i Herøy, viser til at satsinga på Jobbkafé skaper ringverknadar i forhold til tiltak og engasjement, det er nytenkjande og nyskapande, og er ein flott møteplass.
- Her har folk i ulike livssituasjonar møttest på Frivilligsentralen og drive med ulike aktivitetar. Felles for menneska som har vore her er at dei har vore utan arbeid i lengre tid.
- Blant aktivitetane dei har drive med er arbeid med CV- og aktivitetsplan, trening, fjelltur, matlaging og foredrag med ulike arbeidsgivarar, seier ho i pressemeldinga.

- Stad å utvikle seg

Aktørane bak satsinga er samde at Jobbkafè har skapt ein møtestad for folk å føle samhald og tilhørigheit, det har skapt tryggleik og gitt folk noko å gå til, og ikkje minst har det vore eit springbrett for å lettare få seg arbeid.
- Det har ikkje berre vore ein stad å møtast, men det har vore ein stad å utvikle seg, seier Renate Lillebø, ein av prosjektleiarane.
Prosjektleiar Stephan Borgund opplyser at tilbodet vert starta opp att etter at skulane byrjar på att i august.
- Vi oppfordrar folk til å bli med, både deltakarar og arbeidsgivar, seier han.
Mange menneske 'sit fast', veit ikkje kva dei vil, og veit heller ikkje kva som finst av arbeidsplassar

Publisert: 11.07.2019 08:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37