Mange vil byggje speedsjarkar
HAUGSBYGDA: Stor pågang etter å å byggje speedsjarkar ved Roy Endre Håvik og Proas.
Nytt

Mange vil byggje speedsjarkar

Roy Endre Håvik opplever så stor pågang av kundar at han vurderer serieproduksjon av speedsjarkar.

10.09.2018
- Ja, dette er noko vi no ser på. Det tek for lang tid å få båtane ferdige slik vi no arbeider.
I løpet av dei to siste åra har bedrifta Proas levert åtte sjarkar frå lokala i Haugsbygda.
Selskapet byggjer sjarkane i formstøypt glasfiber, og lagar alt utstyret i stål eller aluminium som maskinhus, dører, luker rekkverk, master og leidarar.
- Vi kunne levert mange fleire båtar om vi hadde hatt nok kapasitet, men ettersom vi gjer det meste sjølve, så tek det litt for lang tid.

Lang ordrebok

Unntaket er elektroarbeidet, som er sett vekk til Tussa Installasjon.
- Vi vurderer å setje vekk meir arbeid. Samstundes er vi på jakt etter fleire folk sjølve, seier Håvik.
Med ei ordrebok på tre 30 fots sjarkar og to 35 fots, er ein sikra arbeid i eitt år framover.
- Folk ringjer frå heile landet og vil ha bygt sjarkar. Det er ein skikkeleg boom akkurat no, seier Håvik.

Nye former

Fjoråret vart resultatet så vidt i pluss etter ei omsetning på 7,3 millionar.
- Hovudårsaka til det litt svake resultatet var at vi brukte betydelege midlar til bygging av nye former.
- Men det er nok også slik at vi har seld båtane litt for billeg, seier Håvik.
Båtane vert rekna som svært stabile, dei er godt utstyrte, og dei har ei toppfart på 23 knop.
- Tilbakemeldingane er svært gode, og det er kjekt å sjå at så mange satsar på sjarkfisket.
Folk ringjer frå heile landet og vil ha bygt sjarkar

Publisert: 10.09.2018 06:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25