Nytt
Rundt 200 tilsette takka ja til Ekornes-aksjar
Styret i Ekornes la opp til å tilby 150.000 aksjar med rabatt til tilsette. Resultatet av aksjeteikninga blei knappe 25.000.
21.08.2017
Rundt 20 prosent av dei Ekornestilsette i Noreg har takka ja til tilbodet om å kjøpe Ekornes-aksjar for inntil 15.000 kroner til kurs 91,14 kroner pr. aksje.
Dei fleste har kjøpt for 15.000 kroner, men nokre har og gått inn med halve beløpet, slik at det alt i alt er snakk om cirka 200 tilsette som har nytta seg av tilbodet.
- Eg syns det er ei bra oppslutning, sjølv eg om eg skulle gjerne sett at enda fleire takka ja, seier konsernsjef Olav Holst-Dyrnes i Ekornes.
Rabatten og beløpet kvar tilsett kan kjøpe for er maksimalgrensa for å ikkje utløyse skatt av slike program.
Inntil 150.000 aksjar var øyremerka tilsette, med 20 prosent rabatt i høve til børskurs.
Resultatet etter teikningsperioden er at det er bestilt 24.885 aksjar. Kursen er 91,14 kroner pr aksje. Dagens aksjekurs er 115 kroner pr aksje. Det er ikkje bindingstid på aksjane.
Leiarane har teikna seg for i alt 41.351 aksjar.
Kursen for desse aksjane er 83,93 kroner, som gir ein rabatt på 26,3 prosent i høve til gjennomsnittskursen i veke 31.
Konsernsjef Olav Holst-Dyrnes: 2620 (6120)Finansdirektør Trine-Marie Hagen: 2134 (2834)International marketing direktor Svein Lunde: 2170 (2170)Produksjonsdirektør Ole Arne Ramstad: 1693 (2218)Produktutviklingsleiar: Arve Ekornes: 1651 (1651)Digitaliseringsdirektør Øystein Vikingsen Fauske: 1568 (1568)Logistikkdirektør Lars Wittemann: 1410 (3411)Direktør for Ekornes Beds, Jon Erlend Alstad: 1987 (1987)Ansattevalgt styremedlem Knut-Ove Rygg: 217 (616)Tillitsvalg og varamedlem i styret, Else-Marie Rønning: 714 (714)Finance manager Stressless, Stein Arne Krogsrud: 854 (1231)Group accounting manager Kjetil Iversen: 793 (793)
Dei fleste har kjøpt for 15.000 kroner, men nokre har og gått inn med halve beløpet, slik at det alt i alt er snakk om cirka 200 tilsette som har nytta seg av tilbodet.
- Eg syns det er ei bra oppslutning, sjølv eg om eg skulle gjerne sett at enda fleire takka ja, seier konsernsjef Olav Holst-Dyrnes i Ekornes.
Rabatten og beløpet kvar tilsett kan kjøpe for er maksimalgrensa for å ikkje utløyse skatt av slike program.
Tilbod til alle
Generalforsamlinga i Ekornes vedtok i vår å utstede inntil 200.000 nye aksjar, retta mot tilsette og leiarar.Inntil 150.000 aksjar var øyremerka tilsette, med 20 prosent rabatt i høve til børskurs.
Resultatet etter teikningsperioden er at det er bestilt 24.885 aksjar. Kursen er 91,14 kroner pr aksje. Dagens aksjekurs er 115 kroner pr aksje. Det er ikkje bindingstid på aksjane.
Leiarane kjøpte meir
Leiargruppa i Ekornes fekk tilbod om å teikne seg for inntil 50.000 aksjar. Til skilnad frå tilbodet til alle tilsette har desse aksjane ei bindingstid på rundt 2,5 år.Leiarane har teikna seg for i alt 41.351 aksjar.
Kursen for desse aksjane er 83,93 kroner, som gir ein rabatt på 26,3 prosent i høve til gjennomsnittskursen i veke 31.
Holst-Dyrnes kjøpte mest
Her er oversikta over Ekornes-toppane sine aksjeteikningar, med antal Ekornes-aksjar kvar einskild har etter tildelinga:Konsernsjef Olav Holst-Dyrnes: 2620 (6120)Finansdirektør Trine-Marie Hagen: 2134 (2834)International marketing direktor Svein Lunde: 2170 (2170)Produksjonsdirektør Ole Arne Ramstad: 1693 (2218)Produktutviklingsleiar: Arve Ekornes: 1651 (1651)Digitaliseringsdirektør Øystein Vikingsen Fauske: 1568 (1568)Logistikkdirektør Lars Wittemann: 1410 (3411)Direktør for Ekornes Beds, Jon Erlend Alstad: 1987 (1987)Ansattevalgt styremedlem Knut-Ove Rygg: 217 (616)Tillitsvalg og varamedlem i styret, Else-Marie Rønning: 714 (714)Finance manager Stressless, Stein Arne Krogsrud: 854 (1231)Group accounting manager Kjetil Iversen: 793 (793)
Publisert: 21.08.2017 10:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13