Sandberg varslar ressursrentedebatt
SAMLAR SYNSPUNKT: Fiskeriminister Per Sandberg skal legge fram ei stortingsmelding om endringar i fiskeripoltikken. I dag besøkte han Ålesund for å få innspel.
Nytt

Sandberg varslar ressursrentedebatt

Spørsmålet om fiskarane skal betale ein ekstraskatt - ressursrente - på gevinsten av å få lov til å hauste av fiskeressursane er ikkje til å unngå, meiner fiskeriministeren.

14.06.2018
Våren 2019 skal fiskeriminister Per Sandberg legge fram ei stortingsmelding om fleire endringar i fiskeripolitikken, mellom anna reglane for fordeling av fiskekvotar.
I debatten er ikkje spørsmålet om ressursrente til å unngå, sa Sandberg då han møtte representantar for fiskerinæringa i eit ope møte i Ålesund i dag. Møtet blei arrangert for å få innspel til innhaldet i den komande stortingsmeldinga.

Få noko igjen

Grunnlaget for ressursrentedebatten er at fiskarane får hauste av fiskeressursane, som er fellesskapet sin eigendom. Då må samfunnet også sjå at den retten gir ei avkastning også for resten er samfunnet, ikkje berre fiskarane.
- Er bidraget som flåten leverer i løpet av 2018 stort nok i forhold til det som er forventa?, spurde Sandberg møtedeltakarane.
Svaret gav han ikkje, men debatten meiner han er uunngåeleg.

Superprofitt

Debatten om fiskerinæringa skal betale ressursrente har vakse fram etterkvart som større fiskekvotar er blitt samla på færre hender og lønsemda for fiskarane har gått opp.
Ressursrente er knytt til begrepet superprofitt - som er den ekstra gevinsten frå å hauste av felles naturressursar. Både olje- og kraftbransjen har ein slik skatt, og i den offentlege diskusjonen om fiskeripolitikken er også superprofitt-begrepet med.
- Debatten der ute handlar om superprofitt, seier Sandberg.

Heile biletet

Kva han sjølv meiner vil han ikkje kommentere, men understrekar at spørsmålet om ressursrente ikkje er kan sjåast isolert, men i samanheng med resten av fiskeripolitikken.
Det handlar melom anna om å kunne samle brei støtte om endringar i fiskeripolitikken slik at endringane blir ståande uansett kven som sit i regjering.
- Skal eg gi næringa nye gunstige vilkår så må det vere noko på den andre sida og, seier Sandberg.

Publisert: 14.06.2018 15:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23