Scana Volda bygget til sals
TIL SALS: Ni bygg og 22 mål industritomt kan bli ditt for 48 millionar kroner. 
Nytt

Scana Volda-bygget til sals

Scana Industrier ASA vil selje fabrikkbygget i Volda for å skaffe pengar i kassa.

28.04.2014
Fabrikkbygget i Volda er lagt ut til sals for 48 millionar kroner.
- Det er Scana Industrier som undersøkjer om det er mogleg å få tak i kapital, seier administrerande direktør Halvard Pettersen i gir- og propellprodusenten Scana Volda.

Dotterselskap seld

I mars selde Scana Industrier tre dotterselskap, Scana Offshore Services Inc, Scana Offshore Technology AS og verkstadsdelen av Scana Offshore Vestby AS for til saman 135 millionar kroner. Alle verksemdene er ein del av serviceaktiviteten i forretningsområdet Scana Offshore, i følgje ei børsmelding.
- Dersom du kikkar på reknskapa dei siste tre åra, så ser du at vi har hatt for høg gjeld i høve til innteninga, sa finansdirektør Kjetil Flesjå til NETT NO i mars.

Leiger attende

Scana Volda skal ikkje flytte, men leige attende bygget for fem millionar kroner i året. Leigeavtalen skal vare ut 2029, i følgje eigedomsmeklar Kåre Gunnar Sætre i DnB Næringsmegling.
Opplegget liknar mykje på eit anna prosjekt Sætre har ansvaret for å selje, Fora Form-bygget i Ørsta. Også der får eventuelle kjøparar eit bygg med ein leigeavtale på kjøpet. Investeringa blir dermed ein kombinasjon av ei pengeplassering med fast avkastning (i leigeavtaleperioden) og ein spekulasjon i verdien av bygget når leigeavtalen er over.

22 mål tomt

Scana Volda har ei tomt på 22 mål. På tomta står til saman ni produksjon- , lager- og administrasjonsbygg på over 10.000 kvadratmeter.
Bygget vart annonsert for sal rett før helga.


Det er Scana Industrier som undersøkjer om det er mogleg å få tak i kapital

Publisert: 28.04.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32