Nytt
Scana Volda-eigar refinansiert
På overtid har Scana Volda-eigar Scana Industrier fått refinansiert selskapet.
04.05.2015
"Refinansieringen er avgjørende for selskapet i forhold til fortsatt drift", heitte det i årsrapporten for Scana Industrier som kom ut februar i år.
Lånavtalen med bankane gjekk ut 22. mars, og sidan har konsernet arbeidd på overtid for å få ei ny avtale på plass.
I dag kom børsmeldinga om at konsernet kom i mål, inntil vidare.
For å få refinansieringa på plass må det etablerast eit garantisyndikat som garanterer at det minst blir skote inn 50 millionar kroner i nye eigenkapital.
Ei ekstraordinær generalforsamling 26. mai skal avgjere om det blir kapitalutvidning eller ei.
Konsernet offentlegjer ikkje tal for Scana Volda, men tala for Scana Propulsion viser driftsinntekter på 331 millionar kroner og eit drifsresultat på minus 19 millionar kroner i 2014. Tilsvarande tal for 2013 var 345 og minus 42 millionar kroner.
For fjerde kvartal 2014 er tala for Scana Propulsion enda mindre presise, men viser uansett framgang både i sal og lønsemd. Driftsinntektene auka frå 73 millionar kroner i 2013 til 84 millionar i 2014, og resultatet før finanspostar, av- og nedskrivingar (EBITDA) endra seg frå minus 12 til pluss tre millionar kroner i same periode.
Lånavtalen med bankane gjekk ut 22. mars, og sidan har konsernet arbeidd på overtid for å få ei ny avtale på plass.
I dag kom børsmeldinga om at konsernet kom i mål, inntil vidare.
Ny eigenkapital
Dagens eigarar får tilbod om å skyte inn inntil 100 millionar kroner i ny eigenkapital. Til saman vil kapitalutvidinga og ny låneavtale tilføre konsernet 110 millionar kroner.For å få refinansieringa på plass må det etablerast eit garantisyndikat som garanterer at det minst blir skote inn 50 millionar kroner i nye eigenkapital.
Ei ekstraordinær generalforsamling 26. mai skal avgjere om det blir kapitalutvidning eller ei.
Viktig i Volda
Gir- og propellprodusenten Scana Volda er det største og viktigaste selskapet i Scana Propulsion, som i sin tur er eit dotterselskap i Scana Industrier. Selskapet er og største industriarbeidsplass i Volda.Konsernet offentlegjer ikkje tal for Scana Volda, men tala for Scana Propulsion viser driftsinntekter på 331 millionar kroner og eit drifsresultat på minus 19 millionar kroner i 2014. Tilsvarande tal for 2013 var 345 og minus 42 millionar kroner.
For fjerde kvartal 2014 er tala for Scana Propulsion enda mindre presise, men viser uansett framgang både i sal og lønsemd. Driftsinntektene auka frå 73 millionar kroner i 2013 til 84 millionar i 2014, og resultatet før finanspostar, av- og nedskrivingar (EBITDA) endra seg frå minus 12 til pluss tre millionar kroner i same periode.
Publisert: 04.05.2015 13:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44