Sleit med aa finne folk la ned drifta
Nytt

Sleit med å finne folk – la ned drifta

Nok eit byggefirma på Nordvestlandet under konkursbehandling.

Marius Rosbach
21.08.2019
Sunnmøre tingrett har i Grand Bygg i Hareid. Selskapet har vore i drift i kring fem år og hatt ei omsetning på fire til seks millionar kroner. Kvart år har det enda med eit mindre underskott.
Ifølgje bustyrar Oda Ørmen Vinjevoll var det ikkje drift eller tilsette i firmaet då konkursen var opna i Sunnmøre tingrett. På det tidspunktet skal også det meste av verdiar har vorte selt. Det er meldt inn krav på drygt 300.000 kroner og det meste er frå skattestyresmaktene.
Leiinga har opplyst til bustyrar at årsaka til at drifta vart lagt ned, var at det etterkvart var vanskeleg å finne dyktige og nok fagfolk til å ta på seg arbeid vidare.
Første skiftesamling er 16. september og frist til å melde krav er 2. september.

Les også:



Publisert: 21.08.2019 12:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38