Stor vekst for Firmenich selskap
STØRRE: Firmenich Bjørge Biomarin-sjef Thormod Thomsen (t.h) styrer eit bedrift som er inne i sitt femte vekstår på rad. T.v. Per Sandberg, som besøkte bedrifta som fersk fiskeriminister i januar 2016. 
Nytt

Stor vekst for Firmenich-selskap

Firmenich Bjørge Biomarin på Ellingsøya med stor vekst for fjerde år på rad.

15.01.2018
Frå og med reknskapsåret 2013 har Firmenich Bjørge Biomarin auka driftinntektene frå 91 til 152 millionar kroner.
Veksten held fram også i 2016/2017 viser årsmeldinga til selskapet. (Firmenich Bjørge Biomarin har avvikande reknskapsår, med reknskapsavslutning 30. juni.)
Det er større innpass i nye geografiske område for selskapet sine produkt som er hovudårsak til veksten, i følgje administrerande direktør Tormod Thomsen.

Proteinsatsing

Bedrifta på Ellingsøya har spesialisert seg på å utvinne smakstilsetningar fra fiskeråstoff, og har også stilt seg i spissen for eit større forskingsprodjekt på marine protein og peptidar (protein-delar) som ernæringstilskot, der fleire aktørar i den biomarine klynga Blue Martime er med.
Forskingsprojektet skal vare ut i 2019.

Solid sveitsisk mor

Ellingsøy-bedrifta har sidan 2002 vore eigd av det familieeigde verdsomspennande sveitiske Firmenich-konsernet, som produserer luktstoff, smaksstoff og kostttilskot. Utsikten for reknskapsåret 2017/2018 er gode, i følgje årsmeldinga. Selskapet ligg over budsjett.

Publisert: 15.01.2018 11:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17