Nytt
Tredje cruisedesignkontrakt til Ulstein
Sunstone Ships har bestilt sitt tredje ekspedisjonscruiseskip med Ulstein-design.
07.11.2018
Det er berre ein månad sidan Sunstone Ships erklærte opsjonen på å bygge skip nummer to teikna av Ulstein Group. Sunstone Ships får skipa bygd i utlandet, men Ulstein Group leverer design og utstyr.
No kjem kontrakt nummer tre.
Sunstone Ships har oppsjon på design og utstyr på i alt 10 skip, og med full klaff er det snakk om eit milliardoppdrag for Ulstein Group.
SunStone Ships har signert ein langsiktig charterkontrakt med Victory Cruise Lines på dette tredje fartøyet, som vil bere namnet "Ocean Victory". Nybygget vil bli levert i mars 2021, i følgje pressemeldinga.
SunStone Ships har signert ein langsiktig charterkontrakt med Victory Cruise Lines på "Ocean Victory". Nybygget vil bli levert i mars 2021.
No kjem kontrakt nummer tre.
Milliardkontrakt
I mai i fjor skreiv Ulstein Design & Solutions og China Merchant Group ein avtale om å levere design- og utstyrpakkar til eit 104 meter langt cruiseskip til Sunston Ships med plass til 255 gjestar og utrusta for å kunne gå polare farvatn.Sunstone Ships har oppsjon på design og utstyr på i alt 10 skip, og med full klaff er det snakk om eit milliardoppdrag for Ulstein Group.
Ventar fullt hus
- Vi er svært fornøgde med arbeidet som SunStone Ships har lagt ned for å finne cruiseoperatørar til desse fartøya, og er overtydde om at dei kjem til å få realisert alle dei ti skipa i serien, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group og leiar for forretningsområdet Design & Solutions i ei pressemelding.SunStone Ships har signert ein langsiktig charterkontrakt med Victory Cruise Lines på dette tredje fartøyet, som vil bere namnet "Ocean Victory". Nybygget vil bli levert i mars 2021, i følgje pressemeldinga.
SunStone Ships har signert ein langsiktig charterkontrakt med Victory Cruise Lines på "Ocean Victory". Nybygget vil bli levert i mars 2021.
Vi er svært fornøgde med arbeidet som SunStone Ships har lagt ned for å finne cruiseoperatørar til desse fartøya, og er overtydde om at dei kjem til å få realisert alle dei ti skipa i serien
Publisert: 07.11.2018 08:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27