Nytt
Tung start på omstilling knekte Regionavisa
Regionavisa fekk eit underskot på rundt ein million kroner før selskapet greidde å drive i balanse. Det blei for tungt.
12.12.2017
- Bølgedalen blei for djup, seier redaktør og dagleg leiarr Hugo Antonsen i selskapet Nye Regionavisa.
Fallet i annonsemarknaden skaut større fart i 2017 enn Antonsen og kollegaene hadde opplevd i 2016. Samstundes tok det tid å opparbeide inntekter frå nettsatsinga og omlegginga frå vekesavis til månadsavis for gratisavisa Regionavisa på søre Sunnmøre.
I løpet av første halvår opparbeidde selskapet seg eit underskot på rundt ein million kroner. Det skapte likviditetsproblem som enda med at selskapet melde oppbod og det blei opna konkurs.
Det ville heller ikkje dei tilsette.
Antonsen seier han ikkje kjenner til om det er interesse for å starte opp att selskapet etter konkursen. Bustyrar Camilla Solbakken har heller ikkje blitt kontakta av moglege interessentar som vil restarte avisa etter at konkursen har fjerna gjelda.
Antonsen seier at ein grunn til nedturen ved omlegginga blei for stor var at Regionavisa la om frå vekeavis til månadsavis.
I etterkant seier han det ville vore betre å gå over til å gi ut ei papirutgåve annakvar veke.
Fallet i annonsemarknaden skaut større fart i 2017 enn Antonsen og kollegaene hadde opplevd i 2016. Samstundes tok det tid å opparbeide inntekter frå nettsatsinga og omlegginga frå vekesavis til månadsavis for gratisavisa Regionavisa på søre Sunnmøre.
I løpet av første halvår opparbeidde selskapet seg eit underskot på rundt ein million kroner. Det skapte likviditetsproblem som enda med at selskapet melde oppbod og det blei opna konkurs.
Nådde balanse
Antonsen seier selskapet dreiv i tilnærma balanse i haust, men at ei vidareføring av selskapet ville kreve tilføring av ny eigenkapital. Ei langsvarig sjukmelding gjorde at han valde å ikkje satse vidare.Det ville heller ikkje dei tilsette.
Antonsen seier han ikkje kjenner til om det er interesse for å starte opp att selskapet etter konkursen. Bustyrar Camilla Solbakken har heller ikkje blitt kontakta av moglege interessentar som vil restarte avisa etter at konkursen har fjerna gjelda.
Burde kome ut oftare
Antonsen meiner at resultata i haust viser at det er grunnlag for ei avis som Regionavisa på søre Sunnmøre, sjølv om han for eigen del valde å gi seg no.Antonsen seier at ein grunn til nedturen ved omlegginga blei for stor var at Regionavisa la om frå vekeavis til månadsavis.
I etterkant seier han det ville vore betre å gå over til å gi ut ei papirutgåve annakvar veke.
Publisert: 12.12.2017 21:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16