Hareid Group hovudkontor Olav Haug Vikebakk innfelt
MARITIM VEKST: Eit oppsving for skipsbygging har gitt Hareid Group meir å gjere og administrerande direktør Olav Haug Vikebakk (innfelt) reknar med å tilsette fleire folk neste år.
Nytt

Ventar større vekst frå skipsbyggingsmarknaden

Hareid Group har auka med rundt 50 tilsette i år, og treng enda fleire neste år.

03.07.2024

- Vi ventar ein auke i aktiviteten framover, spesielt på det maritime, seier Hareid Group-sjef Olav Haug Vikebakk.

Konsernet står på tre bein; elektronikkhandel med Elkjøpbutikkar i Volda, Ulstein Ålesund og Molde, skipselektro-design og -montering og elektroinstallasjon til byggebransjen og industrikunder på land.

Den vesle nedgangen i inntekter i fjor skuldast at det var mindre å gjere i den maritime marknaden enn året før, men det har endra seg i år.

- Vi har signert ordrar no, neste år og inn i 2026, frå dei lokale verfta, seier Haug Vikebakk og siktar til Larsnes Mek. Verksted, Myklebust Verft, Green Yard Kleven og Ulstein Verft.

Hareid Group (konsern)

Tal i mill. kroner

20232022
Driftsinntekt958,01020,1
Driftsresultat66,146,0
Resultat før skatt56,040,1

Fleire folk
I fjor hadde Hareid Group 452 tilsette. I år er arbeidsstokken utvida med omlag 50 og neste år reknar Haug Vikebakk med at konsernet treng enda fleire for å ta unna oppdrag i den maritime marknaden.

Rekruttering har blitt krevande.

- Det er kamp om hovuda. Det er utfordrande å klare å rekruttere nok folk, seier Haug Vikebakk.

Han reknar med at Hareid Group også må sjå til utlandet for å få nok kvalifiserte folk

Auka lønsemd
Forbrukarelektronikk-handelen gjennom datterselskapet HG Handel sto for knappe halvparten av inntektene til konsernet i fjor og auka resultatet før skatt frå 20 til 30 millionar kroner.

Også frå bygge- og industrimarkanden auka Hareid Group lønsemda i fjor.

Publisert: 03.07.2024 05:00

Sist oppdatert: 02.07.2024 18:51

Mer om