Nytt
Vil satse stort på Vestkapp
Satsinga på restaurant på Vestkapp har gitt meirsmak for Kristina Leknesund Myrseth. No vil ho satse meir, mykje meir.
22.06.2019
- Ja, målet er å få eit mykje større og breiare tilbod enn det vi har i dag.
- I tillegg ønskjer vi å byggje overnatting på Vestkapp, gjerne i små bueiningar som fell inn i naturen.
31-åringen har drive Vestkapp restaurant i eitt år.
- Det var ei dristig satsing, men det har gått svært bra.
- Ja, då har det ofte vore for lite med dei 45 sitjeplassane vi har.
Leknesund Myrseth er sjølv utdanna kokk, og har blant anna jobba på Hotel Neptun i Bergen og på ei fjellstove. Ho er sjølv frå Selje, men lengta heim.
- Heldigvis fekk eg med meg sambuaren min til å flytte til Selje, men det var lite jobbtilbod. Dermed var det å byggje opp noko sjølv.
- Vi har altfor liten plass i dag, så vi tenker å byggje nytt etter kvart.
Ho har fått med seg investorar, som har kjøpt den sju mål store tomta, og aktørane bak nytt hotell i Selje har også planar for Vestkapp.
- Her kjem det til å skje mykje spennande framover, seier Leknesund Myrseth.
- Den store planen er å lage eit nasjonalt opplevingssenter.
Seinast sist søndag hamna ein tysk campingbil i grøfta.
- Her håper vi at det vert ei løysing slik at vi kan halde ope heile året. I fjor måtte vi stenge midt på vinteren.
I restauranten vert det satsa på lokale råvarer og heimelaga mat.
- Dette set folk pris på, og det kjem folk langvegs frå for å ta søndagsmiddagen her. Det er inspirerande, seier Kristina Leknesund Myrseth.
- I tillegg ønskjer vi å byggje overnatting på Vestkapp, gjerne i små bueiningar som fell inn i naturen.
31-åringen har drive Vestkapp restaurant i eitt år.
- Det var ei dristig satsing, men det har gått svært bra.
Mykje besøk
Ho seier at spesielt søndagane har det vore mykje besøk.- Ja, då har det ofte vore for lite med dei 45 sitjeplassane vi har.
Leknesund Myrseth er sjølv utdanna kokk, og har blant anna jobba på Hotel Neptun i Bergen og på ei fjellstove. Ho er sjølv frå Selje, men lengta heim.
- Heldigvis fekk eg med meg sambuaren min til å flytte til Selje, men det var lite jobbtilbod. Dermed var det å byggje opp noko sjølv.
Opplevingssenter
Dermed vart det på ny aktivitet i restauranten ute på Stadplatået, i ei bygning som fekk store skader under orkanen Dagmar.- Vi har altfor liten plass i dag, så vi tenker å byggje nytt etter kvart.
Ho har fått med seg investorar, som har kjøpt den sju mål store tomta, og aktørane bak nytt hotell i Selje har også planar for Vestkapp.
- Her kjem det til å skje mykje spennande framover, seier Leknesund Myrseth.
- Den store planen er å lage eit nasjonalt opplevingssenter.
Vegproblem
Den smale og svingete vegen opp til Stadplatået er ei utfordring, spesielt om vinterstid.Seinast sist søndag hamna ein tysk campingbil i grøfta.
- Her håper vi at det vert ei løysing slik at vi kan halde ope heile året. I fjor måtte vi stenge midt på vinteren.
I restauranten vert det satsa på lokale råvarer og heimelaga mat.
- Dette set folk pris på, og det kjem folk langvegs frå for å ta søndagsmiddagen her. Det er inspirerande, seier Kristina Leknesund Myrseth.
Den store planen er å lage eit nasjonalt opplevingssenter
Publisert: 22.06.2019 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36